Bryne-skular innfører karantene for dei som har vore i område med høg risiko for smitte

Alle som er i Nord-Italia no eller har vore der i løpet av dei siste vekene må i heimekarantene ved heimkomst.

DEL

I går kveld blei det innført nye karantenereglar for koronavirus i Noreg. Alle som har vore i Nord-Italia eller andre område med liknande utbrot, skal i to veker karantene.

Dette har tilbakeverkande kraft. Det betyr altså at dersom nokon har kome tilbake frå Nord-Italia etter 23. februar, må dei i karantene fram til det har gått to veker etter heimkomsten.

Bryne vidaregåande skule er ein av dei som no har innført ei offisiell retningslinje på at alle elevar og lærarar som har vore i område som er utsette for smitte – slik som Nord-Italia – skal halde seg heime, og unngå kontakt med andre.

Det same gjeld Bryne ungdomsskule, og fleire lokale skular vil sannsynlegvis gjere det same.

15 tilfelle av smitte i Rogaland

Folkehelseinstituttet har følgjande definisjon av heimekarantene:

  • Ikkje gå på jobb eller skule
  • Unngå reiser
  • Ikkje ta offentleg transport
  • Unngå stadar der ein lett kjem nær andre

Det er førebels 15 personar som har fått påvist smitte av koronavirus i Rogaland. Per laurdag klokka 16.00 var det 147 smittetilfelle i Noreg, der heile 34 av dei kom dei siste 24 timane. Folkehelseinstituttet kjem med ny oppdatering klokka 18.00 i kveld.

Desse regionane blir rekna som særskild utsette for smitte:

  • Hubei-provinsen i Kina

  • Fastlands-Kina

  • Iran

  • Hong-Kong

  • Sør-Korea

  • Singapore

  • Japan

  • Nord-Italia: Regionane Lombardia, Veneto, Emilia-Romagna og Piemonte, Valle d’Aosta, Liguria, Marche, Trentino-Alto Adige, Veneto, Friuli Venezia Giulia, Toscana, Umbria og Abruzzo

Alle som har vore innom eit av desse områda i løpet av dei to siste vekene må altså halde seg heime. Folkehelseinstituttet presiserer at utbrot i Japan, fastlands-Kina, Singapore og Hong Kong kan sjåast på som lokale, og at ein difor ikkje treng å vere i karantene viss ein berre har mellomlanda på flyplass der.


Artikkeltags