Brynerocken har rekordsal allereie før artistane er lanserte. Nå er programmet klart.

ROCKEFESTIVAL: Desse og fleire kjem til Brynerocken i september 2020.

ROCKEFESTIVAL: Desse og fleire kjem til Brynerocken i september 2020. Foto:

– Me er særdeles godt fornøgde med bookinga, seier Svein Harald Kleppe i brynerocken.

DEL

11. og 12. september 2020 inviterer lokale rocke-eldsjeler til Brynerocken. Nå er programmet klart.

– Ja nå er julegåva til Jærens rockepublikum klar, seier Svein Harald Kleppe i Brynerocken.

Hyller heltane fredagen

Fredagen er ein hyllest til dei store rockestjernene. I år skal både Europe, W.A.S.P, Motorhead, Iron Maiden og RUSH bli hylla frå Brynerock-scenen.

Europe blir hylla av Rock The Night frå Oslo.

Electric Circus frå Newcastle i England stiller i full W.A.S.P outfit, medan lokale Overhead feirar 15-årsjubileum og kjem tilbake til Brynerocken etter fleire års pause med Motorhead-klassikarar.

Lokale PS Maiden, som for nokre år sidan var med i Norske Talenter, heidrar Iron Maiden, og bandet RUSJ gjer comeback for å gleda publikum i Bryne Mølle med hitar som Tom Sawyer og Closer To The Heart.

Variert laurdag

Laurdag står både lokale og meir kjende band på scenen.

Fyrst ut er Defesto, som har vore support-band for både Rammstein og Metallica. Bandet har spelt på den store, daneske festivale Copen Hell og speler moderne hardrock.

Prog-bandet Rendezvous Point har turnert store delar av verda og er nå klare for Bryne. Det er også svenske My Dear Adiction med sin metalcore., og bandet Arkentype frå Sørlandet lover progrock i ypperste klasse.

Sist ut er lokale Frostbite frå Kvernaland, som i desse dagar er aktuelle med ny låt.

– Me er særdeles godt fornøgde med årets booking og gler oss til å opna festivaldørene, slår Svein Harald Kleppe fast.


Fredagsprogrammet:

Rock The Night (Europe)

Electric Cirkus (W.A.S.P.)

Overhead (Motorhead)

PS Maiden (Iron Maiden)

RUSJ (RUSH)

Laurdagsprogrammet:

DEFECTOR (DK)

Rendezvous Point

My Dear Adiction (SE)

Communic

Arkentype

Frostbite


Artikkeltags