For ein månad sidan var elevar på Bryne vidaregåande skule ute å plukka søppel på to strender i Hå. Målet var ikkje berre å gjera strendene søppelfrie, men også å undersøka søppelet nærare.
– Det har vore både spennande og skremmande. Dette er ganske masse, seier Maria Sigmundstad og ser på alt søppelet ho og resten av 1STD har samla inn.
På berre eit par timar var fangsten på om lag 70 kilo.
462 våtserviettar
Etter å ha plukka søppel har elevane både sortert og analysert det. Der gjorde dei fleire funn, men mest sjokkerte var dei over funna på stranda på Hårr.
– På stranda fann me mange våtserviettar, nesten 500 stykk, seier Sigmundstad
Elevane trur at våtserviettane er toalettavfall som kjem frå eit kloakkrøyr som renn ut i sjøen like ved stranda, og at denne typen avfall ikkje naudsynt er å finna på alle strender. Uansett burde det ikkje vore på stranda på Hårr heller.
– Det er ikkje så bra, og litt ekkelt, seier Sigmundstad.
I tillegg til toalettavfall fann dei diverse søppel som hadde både lokal og internasjonal opphav.
– Tomflaskene ser ikkje norske ut, og det er merkelappar frå andre land. Det kan vera kasta frå båtar, eller så kan det ha drifta til stranda frå andre land, Marco Seland.
Lokale skilnadar
I tillegg til å plukka søppel på stranda på Hårr, plukka klassen søppel ved Bekken Bådle på Varhaug. Det gjorde at dei kunne samanlikna funna mellom dei to plassane, og søppelet, det var ganske ulikt.
– Ved bekken er det ein del som går på tur. Det kan me også sjå på søppelet. Me fann blant anna ein nyleg brukt eingongsgrill og overraskande mykje snusboksar, seier Sebastian Slettebø.
Denne typen søppel fann dei ikkje like mykje av på stranda, der det var ein annan type avfall. Det viste elevane at det var lokale skilnadar på forsøplinga, sjølv om plassane dei plukka søppel var ganske nære kvarandre.
Naturfagsprosjektet er ein del av «Den naturlege skolesekken» og er eit samarbeidsprosjekt mellom Kunnskapsdepartementet og Klima- og miljødepartementet. I tillegg har Jæren friluftsråd vore ein samarbeidspartnar i prosjektet.
– Det dei har gjort her viser at det er lokale skilnadar. Det viser at det er mykje lokalt søppel og at det er stor variasjon på søppelet, seier Magnus Utsola, frå Jæren friluftsråd.
Han gler seg til å lesa rapportane til elevane å høyra meir om kva dei har funne ut.
Overraskande resultat
Gjennom det ein månad lange prosjektet i naturfag, var det mykje nytt å læra for elevane i 1STD.
– Me sit igjen med ein haug med plast, og ein haug med kunnskap om søppel. Me har fått sjå kor viktig det er å kjeldesortera, seier Yasmin El Bakkouchi.
Det er heller ikkje berre elevane som sitt igjen med nye erfaringar etter prosjektet.
– Eg er skuffa over det me har spora. Det er mykje hushaldningsavfall. Den kategorien er mykje større her enn tidlegare. Det er viktig med bevisstgjering av at åtferda vår er synleg. Det viser at det er strukturelle problem i samfunnet. Ein tenker gjerne at det ikkje hamnar i sjøen, seier naturfaglærar Åsmund Singstad.