Gå til sidens hovedinnhold

Dårlege nyheiter for småbarnsforeldre i Hå: – Har ikkje fungert

Hå kommune gjer som naboane i nord.

Hå kommune har valt å kutte bleiedunken. Kommunen opplyser på Facebook at dette er det siste året kor dei kjem til å ha ordninga med ein ekstra søppeldunk som berre skal vera for bleier.

– Det betyr at dersom du er ein av dei som har denne ekstradunken ståande hjå deg, blir det slutt på tømminga ved årsskiftet, skriv kommunen.

Hå kommune forklarer fjerninga av ordninga slik:

– Dette har vore ei ordning som ikkje har fungert slik ho skulle. Målet var å hjelpa familiar med bleiebehov, men det var tydelegvis veldig mange som aldri slutta å bruka bleier. Nabokommunane i nord har allereie slutta med bleiedunk, så me satsar på det går fint i Hå også.

Les også

Nå vil mange på Jæren få søppelet sitt henta andre dagar enn før

For småbarnsforeldre som nå lurer på korleis dei skal få plass til alt avfallet, svarer kommunen dette:

– For dei aller fleste er det nok plass i den vanlege dunken til både bleier og anna restavfall, så test først ut om du klarer deg utan å gjera noko. Kanskje du berre treng å kvitta deg med litt ekstra avfall av og til? I så fall kan du sjekka ut korleis du kan kasta ein ekstra sekk.

Kommunen opplyser også om at dei som finn ut at dei treng ein større dunk, kan bestilla det gjennom nettsidene til Hå kommune.

Time kutta ordninga frå og med 2019, medan Klepp avvikla bleiedunken frå 1. januar i år.

Les også

Klepp avviklar ei ordning som har vart i over ti år