– Det vert spennande å delta igjen, spesielt no som det er fysisk, seier David Strømme Eikeland.

16-åringen frå Orstad er no på treningsleir i Sorø i Danmark, for å gjere nokre siste førebuingar til den internasjonale matematikkolympiaden. Olympiaden vert i år arrangert av Noreg, nærare sagt Universitetet i Oslo, for fyrste gong.

Gjennom høg plassering i Abel-konkurransen og Den nordiske matematikk-konkurransen, sikra han seg for andre året på rad ein plass på det norske landslaget.

Orstad-guten har vore interessert i matematikk lenge, og bruker mykje tid på å auke kunnskap om faget.

–Eg går nå fyrste året på Sandnes vidaregåande skule, kor studielinja mi er for spesielt realfagsinteresserte elevar. Matte har alltid vore spennande, og med støtte og engasjement frå foreldra mine, har eg fått moglegheita til å utvikle kunnskapane, sa han i mai dette året.

Programmet for olympiaden starta offisielt 6.juli, men åpningsseremonien er søndag. Konkurransedagane er måndag og tysdag, der deltakarane skal svare på seks spørsmål totalt.

Konkurransen er for elevar i vidaregåande skule mellom 15 og 19 år. Maksimalt seks deltakarar kan delta frå kvart land, og Eikeland er med som éin av representantane frå Noreg. I fjor vann han bronse, og om plasseringa i år seier han:

– Det hadde jo vært kjekt å få gull, men bronse er nok eit realistisk mål.

Trur du at du er god i matte? Prøv deg på oppgåvene frå olympiaden i fjor. OBS: ekstern lenke