Dei var glade då Sigrid Brekke frå Verdalen fekk fast plass på institusjonen i Klepp. Men gleda varte ikkje lenge.

– Mor hadde det ikkje godt etter at ho fekk plass i 3. etasje på Kleppheimen. Ho døydde i januar i år, og eg vaknar enno om nettene og fell tårer når eg tenkjer på korleis den siste tida hennar blei, seier Irene Nøttveit.