– Absolutt, svarer May Hilde, Øyvind og Ane Wetteland Braut.

I 2017 fekk dei oppleve korleis det er å vere vertsfamilie. Og det er altså ei erfaring dei gjerne anbefaler til andre.

My Education og Fram Education er to av fleire organisasjon som sender og tar i mot utvekslingsstudentar. No er dei på jakt etter jærske familiar som kan tenke seg å vere vertsskapsheim for elevar som kjem til Noreg.

Utvekslingselevane går i vidaregåande skule, og skal ha fem eller ti månader med utvekslingsopphald frå august av.

Snakka mykje engelsk

– Det beste var at ungane fekk nokon andre å ta omsyn til og litt andre impulsar, seier tidlegare vertsfar Øyvind Braut.

– Og så vart dei tvinga til å snakke engelsk, og det tenker eg er veldig verdifullt oppi det heile, skyt May Hilde Wetteland Braut inn.

Saman har dei fire ungar. Utvekslingselev Jo Ratnik frå Australia budde hjå dei i 2017 – då ungane var ni, elleve, tretten og seksten år gamle.

Eldstejenta Ane Wetteland Braut seier seg einig med foreldra.

– For min del var det heilt perfekt fordi eg hadde nettopp begynt på vidaregåande, og syntest det var litt kleint å snakke engelsk. Å verte tvungen til å snakke engelsk i Noreg, synest eg i all fall var veldig greitt.

Mot slutten av utvekslingstida ønskte Ratnik at dei skulle snakke norsk til henne, og at ho eventuelt kunne svare på engelsk.

Organisasjonen ho reiste gjennom, My Education, prøver å oppmuntre familiane til å snakke mest mogleg norsk.

– Me ser at jo raskare dei lærar seg språket, jo lettare er det å verte integrert, fortel områderepresentant Vibeke Gilje.

Ville hatt meir tid

My Education tilbyr også utvekslingsopphald i tre månader. Familien hadde Ratnik buande i tre månader før jul, men skulle ønskje at dei hadde fått lengre tid i lag, gjerne eit halvt år.

Ane og Ratnik budde på same rom i dei tre månadene. Det kunne verte litt tett, men Ane ville gjerne hatt meir tid i lag, slik at dei hadde hatt moglegheit til å verte betre kjend.

– Utvekslingsstudentane vil vere del av ein familie, samstundes som dei skal få kome og oppleve Noreg, og kanskje lære seg språket. Eg tenker at når det berre var tre månader, så vart det veldig intensivt. Så det å ta ein person inn i familien, og gjere litt småting her og der, var nok. Hadde me hatt ein person buande i eitt år, hadde me kanskje reist på noregsferie og vist litt meir, seier Ane.

Familien har framleis kontakt med Ratnik, og vil gjerne få til eit møte igjen. Familien seier at det har vore aktuelt å ta i mot ein ny student, men at det må passe med det praktiske, til dømes med tanke på plass.

Voks mykje som person

Australiaren familien hadde buande hjå seg, Jo Ratnik, har mykje positivt å seie om utvekslingsopphaldet sitt i Noreg.

– Dei tre månadene eg budde hjå ei vertsfamilie, er ein av favorittperiodane frå tenåringsåra mine. Familien min var så gjestfrie og hyggelege. Dei sørga for at opphaldet mitt vart så enkelt som mogleg, kunne svare på alle spørsmåla eg hadde, og hjelpte meg med å tilpasse meg kultursjokket.

Ratnik seier at ho fekk vere med på alle familieaktivitetar og feriar dei hadde, og følte seg som ein del av familien, sjølv om tre månader var kort tid.

– Å leve i ein familie og kultur som var annleis enn min var fascinerande, og eg trur verkeleg at det hjelpte meg å vekse mykje som person.

Den tidlegare utvekslingseleven skryt av Jæren som bustad.

– Eg elska å bu på Jæren i disse tre månadene. Naturen var nydeleg. Alle eg møtte var så vennlege.

Tyske Theresa lærte jærsk

Førre skuleår bestemte familien Skårland, frå Lye, seg for å ta inn ein ekstra ungdom i heimen.

I august kom Theresa Kuhn frå Tyskland, klar for eit ti månader langt utvekslingsopphald gjennom Fram Education.

– Eg las informasjonen om familien frå Lye om og om igjen, og trong eit par timar før eg var roleg nok til å ringe til Anna Bergitte og seie: «Hei, eg er Theresa».

Vertsmor og lokal koordinator for organisasjonen, Anne Bergitte Skårland, seier at språket gjekk over all forventing.

– Vi snakka engelsk saman fyrste veka, før vi bevisst valte å snakke norsk heime. Jo raskare ho lærte seg norsk, jo lettare ville det vere for henne, tenkte me.

«Æg elske Jæren og æg elske Noreg», seier Theresa, som garantert kjem att til Noreg på eitt eller anna tidspunkt.

Skårland fortel at organisasjonen har plassert éin elev i Time dette året, men gjerne skulle hatt fleire.

– Det hadde vore gøy med ei handfull utvekslingselevar på Jæren fra hausten av, seier Skårland.

Sikker på at det er nokon der

Vibeke Gilje i My Education håper også å kunne finna ein heim eller to, på Jæren.

Ho har funne vertsfamiliar andre stader i Rogaland, på Figgjo og i Kopervik, og er sikker på at det finst nokre lokale som kan passa.

– Ofte finn ein familien litt sånn i utkant-Noreg. Meir på landet enn i byen, av ein eller anna grunn. Og Jæren har jo ei fin plassering. Tett på større byar, tett på Preikestolen og Lysefjorden, slik dei som kjem her drøymer om, seier ho.

Ifølge nettsida til My Education, er det no behov for 19 vertsfamiliar på landsbasis. Elevane i år kjem frå Italia, Tyskland, USA og Australia. Fram Education har 12 elevar frå Italia og Tyskland som treng ein norsk heim å bu i.

I begge organisasjonane har ein moglegheit til å lese litt om kvar elev, og velje den som ein trur passar best inn i sin familie.

My Education og Fram Education opplyser at dei følger opp både vertsfamilie og utvekslingselev kvar månad.

Kven passar som vertsfamilie?

– Det er ei kulturutveksling som går begge vegar. Elevane er jo der fordi dei er nysgjerrig på norsk språk og kultur, og skal lære seg språket, seier Gilje.

Ho seier at elevane skal tilpasse seg familiane som dei kjem til, og måten dei lever på, til dømes knytt til mat og rutinar.

Familien skal leve på vanleg vis, og inkludere eleven i familielivet.

– Det er viktig at vertsfamilien ønskjer å inkludere eleven i familien sin. Det er jo ikkje ein leigebuar ein tar inn, men det er jo eit nytt familiemedlem, på ein måte. Forhåpentleg oppstår det nære band slik at ein sjølv kan reise og besøke eleven seinare, og verte betre kjent med kulturen, fortset ho.

Og berre så det er sagt: Det finst ikkje eit fasitsvar på korleis ein vertsfamilie skal vere.

– Eg kan liksom ikkje seie at det finst ein bestemt vertsfamilie, for der er det så mykje. Dei bur i hus eller leilegheit, på byen eller på landet. Stor eller liten familie, med eller utan ungar, det betyr liksom ikkje noko, seier ho.