– Eg trur eg kan snakke på vegner av oss alle – at dette har vore veldig kjekt!

Edle Emberland, saman med to venninner, hamna litt tilfeldig på sommarleir i Budapest.

Det einaste kravet for å delta, var å lage ein presentasjon om det ein kanskje vil tenke på som ganske smale tema.

I Bryne-jentene sitt tilfelle var det:

  • Trolldomsforordningen frå 1617
  • Gamle vêrkart
  • Ei undervisningsbok på samisk frå 1951

Presentasjonen skulle baserast på digitaliserte historiske dokument, om konstruksjonen av Europa.

Digitale skattar

Arkivverket, også i Stavanger, har mange historiske dokument, som ein kan nytte fritt og utan kostnad. Desse verdifulle dokumenta, som ein tidlegare måtte hente fysisk, vert no digitaliserte.

Dette er også tilfelle i andre europeiske land.

Mange unge veit ikkje om desse nyttige, historiske ressursane.

For å rette søkelys på nettopp dette, ville statsarkiva i Spania, Portugal, Noreg, Austerrike, Malta og Ungarn utfordre ungdomar til å ta i bruk desse «digitale skattane».

Difor vart prosjektet «Young digitale treasures» sett i gong.

Fakta om Young digitale treasures

  • Campen i Budapest er ein del av prosjektet European digitale treasures, og er delfinansiert av Creative union programme, EU.

  • Ungdomar i vidaregåande skule mellom 15 og 18 år kunne melde seg på.

  • Målet var å bygge europeisk identitet gjennom å få kjennskap til dei historiske røtene til Europa.

  • Slik er mottoet: «The ultimate objective is to build European identity and an active citizenship, bringing young people closer to the knowledge of the historical roots of Europe, of what unites us and our values.»

Moglegheita dukka opp

I utgangspunktet måtte ein melde seg på med eit bidrag, for å ha moglegheit til å vere deltakar i campen.

Vidare skulle dei tre beste bidraga i kvart land, vurdert av juryen, få lov til å reise.

Men Austerrike og Ungarn kunne ikkje delta likevel, og vart erstatta av Kroatia.

Også i Noreg vart det endringar. Grunna koronapandemien måtte ein avlyse den norske konkurransen.

– Noreg hadde ikkje nokon å sende. Eg kjenner ei i Arkivverket, og difor var me heldige og fekk moglegheita til å vere med. Det einaste kravet var at me måtte lage kvar vårt bidrag, slik at me også hadde noko å vise fram, seier Emberland.

Minne for livet

– Samstundes som me har lært mykje, hadde me også tid til å verte godt kjende med dei andre ungdomane, seier Emberland.

På tapetet stod mellom anna besøk, omvising og læringsaktivitetar på Nasjonalarkivet i Ungarn. Ungdomane fekk omvising i parlamentet og besøkte eit utandørsmuseum nær den vesle byen Szentendre.

Det vart også tid til spa-besøk, og dei hadde fritid på kveldane.

Emberland fortel at ho hadde det veldig kjekt på sommarleiren, og at ho sit att med minne for livet.

Det gjer også veninnene hennar frå Bryne:

– Me fekk sjå kule og spennande bygningar og arkitektur som vi ikkje har i Noreg, seier Ella Bjelland Haugland.

–Alt i alt var turen heilt fantastisk, minner for livet! oppsummerer Dorthea Risa Ree.

– Eg vart litt sjokka

På campen måtte deltakarane vise fram bidraget sitt til. Emberland presenterte Trolldomsforordningen av 1617.

– Det er eigentleg ikkje er så lenge sidan det kom ut eit brev om at viss du er heks, så skulle du døy. Eg kunne sei at du er ei heks utan nokon grunn, og så var du eigentleg dømt til døden. Så eg vart litt sjokka då eg las det, og tenkte at «dette kan eg lage ein video om», seier ho.

Ella Bjelland Haugland laga video om Meteorologisk institutt sitt vêrkart frå 1918.

Dorthea Risa Ree laga video om samisk kultur, der ho såg på Margarethe Wiig si samiske ABC-bok frå 1951.

Sjå videoen Edle Emberland bidrog med.