Han budde midt i eit tettbygd strøk på Jæren og gjekk aldri ut utan våpen.
– Ingen forventa noko av meg. Eg var gitt opp av alle.
Det fortel «Kristian». Han har i dag etablert seg med familie og Jærbladet har valt å ikkje bruka det rette namnet hans. For få år sidan var han ein del av eit tungt rusmiljø på Jæren. Rusen førde han inn i ein kvardag med vald, kriminalitet og psykiske lidingar.
Tok sertifikatet rusa på speed
Det begynte i det små. «Kristian» var 16 år. Han hugsar fest og moro med alkohol. Livet var sosialt og alt var kjekt i ungdomsmiljøet han vanka i.
– Det florerte med speed. Det var då rusmisbruket starta for meg.
Tempoet var høgt og det var mykje som skjedde. For å roa seg ned på kveldane brukte han hasj.
– Det er det einaste eg saknar. Å få den roen.
Han sit roleg i ein hage på Jæren. Han har hus, lån og fast jobb. Kristian er ein av få i den gamle gjengen som har kome seg ut - ein av få som framleis er i live.
Hans historie slutta ikkje med hasj for å finna kveldsroen. Snart plussa han på med amfetamin for å vakna kvar mandag.
Nesten umerkeleg vart det færre og færre rusfrie dagar. Fagprøven vart teken i rus. Då han tok sertifikatet var han høg på speed. Han skildrar seg sjølv som ein god skodespelar. Han trur ikkje nokon visste.
Eg trudde det skulle bli betre, men det vart berre verre. Dei handla for meg, betalte straum og alt. Ingen kravde noko av meg. Eg kunne bare rusa meg.
«Kristian»
Trygla om hjelp
To liv - ein mann. Etter kvart tok livet med rus, narkotikasal og andre kriminelle handlingar over.
Jobben forsvann, sertifikatet vart inndrege. Eit ungt liv som kunne stått grunnstøtt, var nå i fri flyt.
Kristian hamna i fengsel.
– Der var det mykje stoff, slår han fast.
Tablettar og røyk vart erstatta av sprøyter. Han gjekk inn og ut av fengsel og hadde ingen plass å bu.
–Eg budde gjerne litt hos kompisar, men hugsar mange netter der eg bare gjekk rundt.
Til slutt troppa han opp på døra til hjelpeapparatet og trygla om hjelp.
– Eg trudde det skulle bli betre, men det vart bare verre. Dei handla for meg, betalte straum og alt. Ingen kravde noko av meg. Eg kunne bare rusa meg.
Og det gjorde han.
– Eg hadde null begrep om tid og stad. Eg ante ikkje kva dag det var. Eg levde i mi eiga boble og brydde meg ikkje om kva folk tenkte om meg.
Det lovtomme rommet
Denne artikkelen er ein del av ein større nyheitsdokumentar kor Jærbladet ser på problemstillinga med lovbrytarar som ikkje kan straffast. Dei er for sjuke til å kunne bli dømt til fengsel.
Kvart år legg politiet i Noreg vekk tusenvis av saker fordi gjerningspersonen ikkje er tilrekneleg. Jærbladet har avdekka at det på Jæren er blitt lagt vekk 190 lovbrot på dette grunnlaget bare i løpet av dei to siste åra.
Ei ny lov frå 2016 skulle gjera det enklare å dømma desse lovbrytarane til tvungent psykisk helsevern. Likevel har talet på saker som blir henlagt på dette grunnlaget, bare økt.
Ingen av sakene som er blitt etterforska ved Jæren lensmannskontor, har endt med dom på tvungent psykisk helsevern etter den nye lova.
I denne dokumentaren ser me på kvifor det er slik, og korleis vanlege folk blir råka av lovbrota.
Kven er personane som ikkje kan straffast? Og kva kan samfunnet gjera?
Prosjektet er gjort i samarbeid med Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) ved Universitetet i Bergen.
Her kan du lesa alle sakene som hittil er publisert i serien Det lovtomme rommet.
Gjekk aldri ut utan våpen
Til slutt var han så rusa og psykisk sjuk at lite betydde noko.
– Det betydde ingenting for meg om eg døydde. Eg var redd for å gå ut dørene og følte alle var ute etter meg.
Det var i denne perioden han ikkje gjekk ut utan våpen. Ofte var hagla med. Historiane er mange. Han fortel om valdshendingar så grove at det er utruleg han framleis er i live, om nattlege spaserturar med hagla i handa i tettbygd strøk. Rus. Vald. Kriminalitet.
– Eg var mykje psykotisk, men eg vart aldri fanga opp av hjelpeapparatet, hevdar Kristian.
Han hugsar lange, realistiske samtalar med personar som ikkje var der.
–Eg var ein ROP-pasient på slutten, men fekk aldri merkelappen. Eg unngjekk det. Alle visste at det var eit stempel som ville stå i papira. Ingen ville det. Eg var veldig paranoid og stolte ikkje på systemet.
ROP er merkelappen som blir brukte på personar med både rus- og psykiske lidingar.
15 av mine gamle venner er døde. Eg køyrde ikkje mindre hardt enn dei. Dette handlar berre om hell og uhell.
«Kristian»
Livsviktige val
«Kristian» er i dag etablert med familie.
– Eg hadde ikkje drøymt om at eg kunne få det sånn som eg har det i dag.
Mannen Jærbladet møter er fast i blikket. Han forstår at kvardagen han skildrar er fjern for dei aller fleste. Mange som stod der i lag med han, som levde livet på same måten som han gjorde, finst ikkje lenger.
– 15 av mine gamle venner er døde. Eg køyrde ikkje mindre hardt enn dei. Dette handlar berre om hell og uhell, seier han.
I Kristian sitt tilfelle handlar det om hell.
Han smiler. Stein for stein har han stabla livet opp igjen. Han har tatt livsviktige val, val som han må gjera igjen kvar einaste dag.
– Eg er heilt avholds. Det trur eg er nødvendig. Og så måtte eg bryta med det miljøet eg var i. Det nyttar ikkje å stå med ein fot i kvar leir. Det går ikkje, seier han og skjuler eit gjesp. Det har vore ein lang dag med jobb og forpliktingar.
– Livet mitt i dag er ingen dans på roser. Hadde eg eit problem før, kunne eg setja ei sprøyte. Alt forsvann. Ingenting var viktig. Nå må eg ta tak i utfordringane, seier han.
Eg hadde ikkje drøymt om at eg kunne få det sånn som eg har det i dag. Eg var den som sat verst i det, og er nå den som har kome best ut av det
«Kristian»
– Burde vore meir tvang
Kristian stod med meir enn ein fot i grava då han starta på den lange vegen ut. Han vart frivillig med på eit behandlingsopplegg, men meiner det burde vore meir tvang i systemet rundt tunge, unge rusmisbrukarar.
– Mange vil ikkje ha hjelp. Det ville ikkje eg heller før eg til slutt ikkje orka å seia nei. Men hadde eg blitt tatt på tvang tidlegare, så kanskje. Du blir tvinga til å bli rusfri. Og då blir du også tvinga til å kjenna på alle dei vonde kjenslene, seier han og legg til:
– Eg hadde ikkje drøymt om at eg kunne få det sånn som eg har det i dag. Eg var den som sat verst i det, og er nå den som har kome best ut av det, seier han.