Det blir folkemøte om Kalberg-utbygginga på tysdag

STORT OMRÅDE: Til venstre ser me Kvernaland og Orstad. Til høgre i biletet er området som kan bli aktuelt for utbygging til kraftkrevande industri.

STORT OMRÅDE: Til venstre ser me Kvernaland og Orstad. Til høgre i biletet er området som kan bli aktuelt for utbygging til kraftkrevande industri. Foto:

Time kommune inviterer grunneigarar til drøfting rundt planarbeidet med utbygging av datasenter på område rundt Kalberg.

DEL

10. mars klokka 19–21 arrangerer Time kommune informasjonsmøte om kommuneplanen for 2018-2030, der planarbeidet med den kontroversielle utbygginga på Kalberg blir hovudtema.

Møtet skjer i aulaen på Frøyland skule. Grunneigarane har fått direkte invitasjon, men møtet er ope for alle.

Dei siste vekene har debatten rast rundt den føreslåtte utbygginga av eit datasenter på område ved Kalberg, Orstad, Frøyland og Kvernaland. Utbygginga vil ta heile 6071 dekar, eller rundt 855 fotballbanar. Det sentrale i striden går på balansen mellom å skape nye, miljøvenlege arbeidsplassar opp mot nedbygging av svære mengder matjord.

Det er framleis mange opne spørsmål rundt kostnadar, kor mange arbeidsplassar det vil skape, om ein eventuelt kan flytte matjord og så vidare, som kommunen har engasjert Norconsult til å sette opp ei konsekvensutgreiing for å svare på.

Fleire aktørar i saka kjem for å halde innlegg på møtet:

  • Eirik Gundegjerde i Lyse AS skal leggje fram kva moglegheiter Lyse ser
  • Knut Molaug i Green Mountain vil snakke om grøne arbeidsplassar
  • Marit Epletveit frå Rogaland Bondelag skal snakke om datasenter i matfatet
  • Aksel Kverneland i Kverneland Vel vil argumentere for at ein må finne ut kva planane går ut på før ein tar avgjerder
  • Kjerlaug Kuløy og Trond Kostøl kjem frå Norconsult for å fortelje kva som skal utgreiiast

Etterpå blir det ein spørjerunde.

Kalberg i formannskapet

Morgonen før møtet skal Time kommune behandle tilbod frå Norconsult om utgreiinga. Kommuneadministrasjonen har lagt fram informasjon om at dei vil bruke 750.000 kroner på konsekvensutgreiinga.

– Avtalen er forma slik at viss formannskapet ikkje ønskjer å gå vidare med dette, kan me avslutte prosjektet. Men dei (Norconsult, journ.anm.) har byrja prosessen, seier Ole Bjørn Maråk, plan- og utbyggingssjef i Time kommune.

– Det første Norconsult byrjar med no er at dei kjem med eit planprogram om kva som skal utgreiiast. Dette sendast på høyring til blant andre Fylkesmannen og fylkeskommunen, så jobbar Norconsult parallelt med konsekvensutgreiinga, held han fram.

Målet er å ha konsekvensutgreiinga klar i løpet av mai månad.

Formannskapet skal òg behandle sak om fortsett medlemskap i organisasjonen New Kaupang, som bidrar med rådgjeving i slike saker.

– Dette er jo eit nytt område for Time kommune, og sannsynlegvis heile Rogaland, så me har ein avgrensa kompetanse på desse datasentera, fortel Maråk.

Artikkeltags