Kronikk Dette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
30. november 2022 får eg ein telefon. Kan kyrkja vera aktuell for å få til eit arrangement? Kan eg som sokneprest bidra? Eg svarer ja på flekken. På få minutt er dato sett, kyrkja booka og planane rullar.
Eg forsto etterpå at denne umiddelbare, raske responsen gjorde solid inntrykk og varma initiativtakarane. For meg var kyrkja sitt raske ja ei intuitiv opplagd handling. Heilt naturleg. Det var eg som var takknemleg for å verta spurd.
Kvifor blei responsane slik? Gjev det noko å læra for andre samhandlingar mellom kyrkje og lokalsamfunn? Denne kronikken reflekterer litt om mulege læringspunkt, knytta til ei vidareutdanning i «Teologi og samfunn» som prestane i Stavanger bispedømme gjennomfører nå i 2023.

Fire ordførarar stilte på ein heilt spesiell julefest
Kvifor gjekk denne telefonsamtalen raskt godt? Høg tillit og viktig sak betydde nok mykje. Me kjente kvarandre frå lokalsamfunnet og tidlegare samarbeid og hadde gjensidig tillit. Og saka var dei fleste djupt berørte av. Spørsmålet galdt om det let seg gjera å få til eit stort, samlande julearrangement for ukrainske flyktningar på Jæren.
Dei to som spurde, kalla det eit «borgarinitiativ» frå «venner av Ukraina». Øyvind Nordsletten, tidlegare ambassadør til Ukraina og Russland, og Kjell Haaland som driftar eit større gardsbruk i Nordaust-Ukraina. Dei ønskte å ta seg av arrangementet og ha kyrkja som samarbeidspartnar, fordi me kunne ha eigna lokale og hadde kompetanse på jul, på omsorg, på kultursamlingar og på religiøse ritual viktige for mange ukrainarar. Dei ville invitera ordførarane i alle fire jærkommunane og organisera PR, transport og sponsorar.
Det skulle bare mangla at eg ikkje sa ja på flekken! Me er også fleire tilsette som kan bidra, og har motiverte frivillige. Samarbeidet etterpå gjekk som smurt. Så skjedde det:
Onsdag 21. desember kom over 200 ukrainske flyktningar til Bryne kyrkje. Flest kvinner og barn. Frivillige i kyrkja sto for praktiske ting som servering av sponsa julegrøt. Dei hadde rigga om kyrkjesalen til småbord. Fleire måtte til. Juletreet sto pynta med open plass rundt. Ungane kunne teikna på papirdukane.
Kvelden hadde preg av tradisjonell norsk juletrefest. Godteposar frå nissen. Gang rundt treet. Smil med å få til ringar med og mot sola. Norske og ukrainske julesangar. Ukrainsk musikar. Ukrainsk kunstnar hadde utsmykka programhefta. Ukrainsk eventyrforteljar fenga forsamlinga.
Fire kjedepynta ordførarar ønskte flyktningane velkommen til Jæren med varmande ord i ei vanskeleg tid. God leiing av initiativtakarane. Ukrainsk nasjonalsang. Ord og bøn frå soknepresten. Om Guds omsorg for dei som er på flukt, slik det var for den heilage familien som måtte flykta frå Betlehem til asyl i Egypt. Det glapp ut at dette var noko av det finaste eg hadde vore med på i Bryne kyrkje dette året!

Ventar rekordmange flyktningar: To nedlagde barnehagar kan bli gjort om til bustadar
Kvifor blei det slik? Kan det skimtast nokre nøklar her? Til å rekna med kyrkja og ta ein god telefon? Eller at det er kyrkja som tek initiativ til felles omsorgsinnsats i ei aktuell, lokal utfordring?
I boka «Diakoni – evangeliet i handling» av professor dr.theol. Kjell Nordstokke vert kyrkja si omsorgsteneste definert som ein avgjerande del av det som kyrkja er og gjer. Han peikar på tru som god drivkraft på den av og til trege vegen frå tanke til handling, frå det å verta berørt av nød til å finna ei meiningsfull handling. Det kortar inn vegen å tru at verda og livet er Guds skaparverk. Å vera motivert av forbildet som Jesus er, i å oppdaga nød, ha medkjensle i hjarta og handla til den andre sitt beste.
Kan det vera at kyrkja slik har ein kortare veg til handling? Med intuitivt rask respons på gode tiltak for folk som opplever tøffe tak i livet. Ikkje alltid blir det slik, men dette er kyrkja sitt kjerneoppdrag!
I den same boka har Kjell Nordstokke eit svært interessant kapittel om diakoni som gjestevennskap. Det er påfallande at Jesus så ofte set seg til bords, blir med folk heim og sjølv sørgjer for fellesskap rundt bordet. Eit klart bilde av det gjestfrie og Jesus som venn, ganske unikt i religionshistorien.

Kjell Magnus fra Bryne er tilbake i Ukraina: – Har følt meg som en kujon som har sittet hjemme
Særleg markert er det grenselaust inkluderande og overraskande ved gjestevennskapet rundt bordet. Det er både påfallande praksis og motiverande framtidshåp. Inkluderande fellesskap er då også eitt av 4 hovedområde i Den norske kyrkje sin Plan for diakoni.
Overført til den ukrainske julefesten: Det tok få sekund å melda til «Ukrainavennene» at Bryne kyrkje ønskjer å ha eit fleksibelt kyrkjerom. Me riggar gjerne om stolar frå gudstenesterom til kultursamlingar til fellesskap rundt småbord. Me er «arbeidskyrkje» for gudsteneste, kultur og diakoni. Me kallar oss «den opne famns kyrkje.» Kyrkja vil vera det gjestfrie huset.
Fins det fleire gode nøklar til å rekna med kyrkja i lokalt samarbeid?
I artikkelen «Use your talents» skildrar professor Stephanie Dietrich eit bistands- og kompetansebyggingsprosjekt som har gitt gode resultat i afrikanske land. Ho drøftar også om modellen er god og relevant for arbeid med flyktningar i Norge og kyrkja si rolle i det.
Karakteristisk for «Use your talents» er at dette er grasrotengasjement, det byggjer på at alle menneske har talent og ressursar dei kan og bør ta i bruk, det byggjer på eit likeverdig menneskesyn som stiller gjevar og mottakar likt. Og det har som utgangspunkt at kyrkja er tilstades i alle lokalsamfunn med kompetente folk og gode ressursar.

Marius (25) fra Bryne er ikke en vanlig bilselger: – Går alltid ut døra med et smil
Og slik blei Ukraina-kvelden! Han vaks fram nedanfrå som grasrotengasjement. Initiativtakarane var like gode kyrkjefolk som andre, slik det lett er i ei folkekyrkje med mange medlemmer. Dei tok i bruk sine ressursar. Dei sette i sving ukrainarar sine ressursar slik at dei bidrog like mykje med sitt som det dei blei gitt. Kyrkja var til stades og stilte sine kvalitetar til disposisjon. Det vart omsorg, kultur, varme ord og lys i mørke på ein likeverdig måte.
Dagen etter festen gjekk det varmt i meldingar mellom arrangørar, ordførarar og kyrkje. Denne kom:
Utan samarbeidet med kyrkja på Bryne, hadde det aldri vorte nokon førjulskveld for dei ukrainske flyktningane som den vi opplevde i går kveld. Ikkje berre er kyrkja og lokala der svært høvelege for slike arrangement, (ikkje for ingenting heiter det jo arbeidskyrkje), men den innsatsen som de og alle dei frivillige medhjelparane gjorde, kunne ikkje vore betre.
Me har fått mange tilbakemeldingar frå takksame deltakarar som seier at førjulskvelden i Bryne kyrkja var eit varmande lysglimt i ei vanskeleg tid.
Beste takk til dykk og alle medhjelparane.
Øyvind Nordsletten og Kjell Haaland.
La dette vera til god inspirasjon og kreative initiativ! Kyrkja har god intuisjon og motivasjon på å vera det gjestfrie huset!