Russebussen «Sandnes for faen» er ifølgje Sandnesposten den første og einaste i byen, nokon sinne. Knappe to mil lenger sør, på Bryne, er ikkje bussar noko nytt. Allereie i 2010 vart ein 49 år gammal turbuss, «Lilly Fy», gjort om til rullande festvogn for elevar ved Bryne vgs.

Det spesielle på Bryne vgs. i år, er omfanget. Russepresidentane ved Tryggheim og Øksnevad opplyser at dei ikkje har nokon russebussar ved sin skule, men at nokon få personar er medlemmar i bussar på Bryne.

Russepresidenten på Bryne, Julie Helen Lopez Eilertsen, har seks bussjefar å halda oversikt over. Jærbladet har kontakta alle, for å høyra kvifor gjengen deira gjekk for buss, og fått svar frå fire. «El Royale» og «Nordsjøen» har ikkje svart. Bussane har fått tilsendt tolv likelydande spørsmål, og svart skriftleg.

[faktaboks3209LF]

Legg vekt på samhald

Jentene på «Chasing Mavericks» hadde tenkt å fordela seg på to vanar, men valde å kjøpa buss slik at alle 16 kunne vera i lag, når dei var ute og rulla. Fellesskap og samhald er også svaret til «Chicago», som ville ha buss som eit felles prosjekt og ei kjekk avslutning på skuletida.

«Sommertider» er ein samansveisa gjeng på 26 gutar, men ikkje så samansveisa at det går an å stappa alle inn i ein liten bil. Dessutan ville ha dei eit prosjekt å jobba med i lag. Dei 20 gutane på «Pandora» svarer kontant på kvifor det måtte bli buss.

- Du er ikkje russ utan buss.

Sprikande budsjett

«Pandora» har eit budsjett på cirka 3,8 millionar, og var lenge ikkje klar over kor mykje pengar det ville bli snakk om. «Sommertider» har eit budsjett på ca. 2,5 millionar, seier at pengar går med i russetida uansett om du er vandrar, har van eller buss.

- Når dette er noko du får oppleva ein gong i livet, tenkjer me at det berre å «gønna» på.

 

«Chicago» ønskte at alle som ville, kunne ha råd til å vera med, og tenkjer at det kjem ei ti tid etter russetida. Bussen laga ein økonomiplan for eitt år sidan, som er utdatert etter uføresette utgifter dukka opp. Dei ønskjer ikkje å oppgje tal, fordi det kan bidra til å auka pengepresset for komande russ.

«Chasing Mavericks» seier dei ikkje ville bruka så mykje pengar, men vil ikkje utdjupa meir om budsjettet.

Ingen av jentebussene har ikkje prioritert å bruka pengar på russelåt. «Pandora» har brukt over 150.000 gått til songane «Konflikten», «Fritt vilt» og «Pandora», éin til kvart konsept. «Sommertider» har fleire låtar, men får også tilbod om gratis låtar frå artistar, fordi bussen deira er ein av dei største i Norge på Instagram, med over 15.000 følgjarar.

Legg ned mykje arbeid

«Sommertider» starta planlegginga på VG1 og kjøpte buss i desember 2017. «Chicago» var i tvil om dei skulle prioritera buss, men gjekk til innkjøp i fjor vår. «Chasing Mavericks» starta i det små for to år sidan.

Medlemmane på bussane betaler faste avdrag. Fleire av bussane har gjort mykje dugnad på bussen. I den dyre «Pandora»-bussen har fleire måtta skaffa seg ekstra jobb for å kunna betala. Dei fleste jentene på «Chicago», ein rimelegare buss, har hatt deltidsjobb, for å ta unna eigendelen.

Ved enda russetid, skal bussane seljast. «Chicago» har selt sin til eit nytt kull jenter på Bryne vgs. «Sommertider» har også avtale med russ på Bryne vgs.

 

Reglar for rulling

Bussane har stort sett ikkje reglar for kven som kan vera medlem, fordi dei tek utspring i eksisterande venegjengar. Men dei har gjort seg tankar om kven som får vera med og rulla. «Pandora» har nokon gongar røysta inn folk i gruppa. Då måtte 75 prosent røysta ja for at personen skulle få vera medlem.

«Chasing Mavericks» seier at dei rullerer på jobben som rullesjef, og at éin av tinga er å følgja med på alderen på dei som er med og rullar. «Pandora» har same ordning og tillét ikkje mindreårige.

For «Sommertider» er det viktig at folk som ikkje er medruss, bør ha ein relasjon til dei som er med på bussen. Hovudsakleg er at dei opptekne at bussen er for kompisgjengen.

Jobbar mot rus- og sexpress

Narkotika og sexpress er to problemstillingar russen må forhalda seg til. «Pandora» svarer at all sex skal skje ved samtykke, medan «Chasing Mavericks» tek avstand frå sexpress under russetida. «Sommertider» deltek på Amnesty-kampanjen «Nei er nei», som skal førebyggja valdtekt og seksuelle overgrep blant ungdom og unge vaksne, og oppfordrar russen til å ta ansvar for kvarandre under russetida.

 

«Sommertider» seier at bruk av narkotika ikkje er tolerert og at bruk kan leia til utkasting. Dei seier valet av sommarkonseptet skal vera ein motsats til bussar som har «narkotika, rap, horer osv...».

«Chicago» er med på «Russ mot narkotika»-kampanjen. «Pandora» har gått saman om å laga ein internkontrakt, med forbod mot bruk, oppbevaring, kjøp og sal av narkotika. Det same har «Chasing Mavericks» gjort.