Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I eit lesarinnlegg i Jærbladet 19. september uttrykker Øystein Røiseland frustrasjon over at Time kommune har fjerna kirsebærtrea i Linevegen.
Me forstår at han reagerer på at trea måtte vekk, og me lovar at Linevegen framleis skal vera ei flott gate sjølv om trea måtte vike.
For å setta det litt på spissen: Kirsebærtrea i Linevegen måtte fjernast for at folk ikkje skal få vatn i kjellaren sin.

Kommunalt hærverk på Bryne
For å forebygge og unngå flaum gjer me ei rekke tiltak over og under bakken på Bryne. Som eit ledd i dette er det sett av areal til eit større ope flaumbasseng vest for Linevegen i kommunen sin arealdel.
Prosjektet i Linevegen skal sanera eksisterande VA-leidningar, men og leie overvatn i ein flaumsituasjon mot dette bassenget. Dette gjer det naudsynt å snu fallet på gata mot vest.
I samband med dette arbeidet måtte me dessverre fjerna dei flotte kirsebærtrea. Me har verkeleg prøvd å finna måtar dei kunne bevarast på, men det var rett og slett ikkje foreinleg med å snu fallet på gata.
Linevegen skal også vera ei flott gate når prosjektet er ferdig. Me skal etablera regnbed langs vegen som vil bidra til å absorbera vatn men og gjera gata til eit flott og blømande syn.
Dette etablerte me i Tjødnavegen for to år sidan (sjå bilete), og resultatet er ei gate som blømer frå vår til haust, og som òg bidreg til viktig mat for pollinerande insekt.
Me håpar og trur at både naboar og andre som nyttar Linevegen vil setta pris på dette når prosjektet er ferdig.