Tysdag 22. mars blei Time musikkråd etablert etter ein prosess som starta etter eit initiativ frå Rogaland musikkråd hausten 2021, og i eit samarbeid med kultursjef og kulturskulerektor.

Eit interimsstyre har sidan informasjonsmøtet i september jobba med vedtekter og handlingsplan saman med Rogaland musikkråd for å leggje fram på stiftelsesmøtet.

Dette er styret i musikkrådet:

  • Leiar: Mette Thorsen, Bryne skulekorps
  • Styremedlemmer: Jane Marie Eide, Blandakoret Frøysang, Kristian Svanes, Bryne musikkorps, Geir Birkeland, Undheim ShowTeater og Else Marie Hommeland, Kverneland Rockeklubb.
  • Varamedlemmer vart Åse Corneliussen, Jæren bluesklubb og Iselin Grayston, Jæren Symfoniorkester.

Samarbeidsorgan og interesseorganisasjon

Formålet til Time musikkråd er å vera eit samarbeidsorgan og interesseorganisasjon for musikklivet i Time.

Alle lag som har musikk som vesentleg del av sitt arbeid, kan bli medlemmer. Dette gjeld også dansefeltet og revy-, teater- og scenefeltet, i tillegg til reine musikklag som kor og korps.

Men også andre, som enkeltutøvarar, offentlege kulturinstitusjonar, stiftelsar og liknande som ikkje er musikklag, men som sluttar seg til formålsparagrafen, kan bli assosierte medlemmer, skriv rådet i ei pressemelding.

Etter informasjonsmøtet i september, kom det innspel på at namnet også burde innehalde «kultur» slik at dei andre laga som ikkje er reine musikklag lettare ville føle seg heime. Dette valde interimsstyret å føreslå, men under stiftelsesmøtet kom det fram at dette vart meir forvirrande sidan det er musikk som er hovudfokus.

Musikkrådet vert Norsk musikkråd og Musikkens studieforbund sitt organisasjonsledd i kommunen og lokalt ledd av Rogaland musikkråd. Det er eit sjølvstendig organisasjonsledd med eige organisasjonsnummer, ansvar for eigen økonomi og blir registrert i Frivilligregisteret. Per i dag er det 111 lokale råd i Noreg, og kvart fylket har eit region- og fylkesledd.

Interimsstyret har i perioden skaffa seg ein oversikt over aktuelle lag som vil vere under denne paraplyen, og i kommunen finst det mellom 40 og 50 lag innan kor, korps, orkester, band, trekkspel/toradar og munnspel, forutan dansegrupper og teater- og revylag.

Strategi- og handlingsplan

Musikkrådet har valt seg ut to hovudstrategiar for den komande perioden.

Den eine er å vera ein samarbeidspartnar for det offentlege, medlemmene og andre, og i det ligg det mellom anna å drive lokal påverknad, delta i lokale planprosessar og vere høyringsinstans.

Den andre hovudstrategien er å jobbe for gode lokale for musikklivet i kommunen.

Det inneber bl.a. å arbeide for fleire og betre øvings- og framføringslokale, få kartlagt øvings- og framføringslokalene i kommunen og å arbeide for at NS-ISO 23591:2021, «Akustiske kvalitetskriterium for rom og lokale til musikkøving» (tidl. NS 8178), vert lagt til grunn ved nybygg og rehabilitering av lokale til musikkføremål.

Femte lokale råd i Rogaland

«Før i tida» var det lokale råd i nesten kvar kommune. Ulike årsaker førte til at råda slutta å eksistere, men dei siste åra er det blitt eit aukande behov og ønske – både frå grasrota og kommunane, om å få musikklivet betre organisert.

Time musikkråd blir det femte lokale musikkrådet i Rogaland. Lokale musikkråd finst i Sandnes, Haugesund, Egersund, i Strand (21. mars 2022) og nå i Time. Målet er å etablere lokale råd i kvar kommune i Rogaland.

– Musikk- og kulturlivet har mangla den felles stemma i saker som omhandlar musikklivet. Dette har blitt spesielt løfta fram i samband med at musikklivet fekk ein nasjonal standard for akustikk i musikklokale i 2014. Med den har ein fått kriterium for korleis lokale til musikkføremål må byggast og vere tilrettelagt. Kartleggingar viser at på landsbasis er 80 prosent ueigna til bruken. Dette handlar både om akustikk, romvolum i forhold til ensemblet, tilgang og lagerplass, luftkvalitet og lys, skriv rådet i pressemeldinga.