Onsdag blei det klart kven som stikk av med idrettsstipendet, innsatspokalen, kulturstipendet og kulturprisen i Time for 2022.
Kulturprisen 2022 gjekk til Else og Vidar Undheim
– Else og Vidar Undheim har vore aktive i lokalt kulturarbeid imange år. Dei har ved fleire høve opna garden sin på Myrebø, Undheim, forformidling av lokal historie. To dagar med torvskjæring og ein slåttedag førte til innslag i "Norge Rundt", boka "Varmen frå myra" og fleire hundre besøkande, heiter det i nominasjonsforslaget.
– I 2019 var eit filmteam frå Norsk folkemuseum på Myrebø for å laga film om torvskjæring påJæren. Else og Vidar hadde og ei viktig rolla ved opninga av Lendestova på Norskfolkemuseum. Begge har spela ei viktig rolle i arbeidet i Undheim Bygdemuseum, står det vidare.
Timeglasset - kulturprisen i Time
Kven kan få kulturprisen
Kulturprisen kan ein gje til ein person, ei gruppe eller ein organisasjon som har lagt ned eit særs verdfullt arbeid innan kultursektoren i Time.
Kandidatar kulturprisen
Alle kan foreslå kandidatar til kulturprisen, Timeglaset. Grunngjevne forslag påkandidatar må leverast skrifteleg til Time kommune.Kulturprisen, TimeglasetPrisen består av eit krystallglas teikna av kunstnaren Herborg Kverneland. Avgjerd og utdeling: Utval for levekår avgjer kven som får kulturprisen, Timeglaset. Prisen blir delt ut avordførar ved nyttårsmottakinga til ordføraren 1. januar 2023.
Kulturprisen vart delt ut første gong i 1985.
Følgjande personar/organisasjonar harfått kulturprisen, Timeglaset:
2021: Heine Grov
2020: Christian Stabel
2019: Endre Skjerping Refsnes
2018: Sigbjørn Reime
2017: Tarald Oma
2016: Torfinn Edland
2015: Terje Vold
2014: Undheim Revyteater
2013: Ingrid Vinningland
2012: Heidi Strand Harboe
2011: Svend Møller
2010: Gabriel Høyland
2009: Helge Lode
2008: Odd Vaaland
2007: Arthur Løvik
2006: Sverre S. Undheim
2005: Brita Fotland
2004: Leif Andenes
2003: Inge Nic Larsen
2002: Jonas B. Auestad
2001: Dortea Haugland
2000: Oddny Underhaug
1999: Nils Njå
1998: Reidar B. Thu
1997: Arvid Øglend
1996: Magnus Søyland
1995: Åslaug Rommetveit
1994: Time fråhaldslag
1993: Herborg Kverneland
1992: Torstein Tunheim
1991: Haldis Hognestad
1990: Einar Sæland
1989: Asgjerd og Ommund Taksdal
1988: Olav Stangeland
1987: Gudrun Laland
1986: Magnus Jonsbråten
1985: Ola Barksved
Woodling-gründeren Siv Elise Seland får hedersprisen.

Siv Elise får kommunens mest høgthengande pris: – Enormt stor ære
Prisdryss
Dei andre prisane gjekk til Henrik Håland, Ingmar Birkeland og Birgitte Njå.
Idrettsstipendet 2022 gjekk til:
Henrik Håland
– Henrik er 15 år og bur på Rosseland. Idretten til Henrik er langrenn. Han har høge ambisjonar og konkurrerer på krins- og landsnivå i sprint- og distanselangrenn på snø, og på rulleski i barmarksesongen. Henrik var i mange år medlem i Kverneland ski, men gjekk i sesongen 2021-2022 over til Gjesdal IL, då dei har eit breiare tilbod innan aldersgruppa til Henrik.
– Treninga føregår hovudsakleg på ski til fjells eller på rulleski ved Sandnes Arena i Melshei. Henrik trener 8-10 økter pr veke. I tillegg til trening og konkurransar er Henrik også med på fleire sone- ogkrinslagssamlingar. Han kan vise til mange gode resultat frå langrennssesongen 2021-2022. Henrik ønskjer å nytte eit eventuelt stipend til reiser/deltaking på konkurransar/samlingar og langrennsutstyr, til dømes ski.
Innsatspokalen 2022 gjekk til:
Ingmar Birkeland
– Ingmar har vore med i styret i Undheim idrettslagsidan 1980, bortsett frå ei kort opphald. I 1981 var han med å starte friidrettsgruppafor barn og ungdom. Han har og vore handballtrenar i mange år i tillegg til årepresentera UIL som handballdommar i fleire tiår.
Kulturstipend 2022 gjekk til:
Birgitte Njå
Ho skriv i søknaden
– Jeg er en 32 år gammel kvinne fra Bryne. Jeg har en mastergrad i trompet fra Høgskolen för scen ochmusik i Gøteborg. Jeg har også studert musikk i Trondheim, Stavanger og København. Jeg har spilt med flere profesjonelle orkester i Skandinavia og er ofte vikar i Stavanger symfoniorkester. De siste fire årene har jeg jobbet som messinglærer Time kulturskule, samtidig som jeg har drevet etprofesjonelt samtidsensemble i Rogaland, Insimul. Insimul består av en blanding av lokale frilansere, musikere fra Stavanger symfoniorkester og Kristiansand symfoniorkester Ved siden av dette har jeg omfattende aktivitet som freelancer innen utøving og undervisning. Gjennom min jobb i Time kulturskule har jeg god kontakt med barn og unge i denne kommunen og jobber aktivt for at de skal utvikle seg musikalsk på flere arenaer.
– Jeg har tidligere vært dirigent i Rosseland Skulekorps og var der med på flere nyskapende prosjekter i samarbeid med minekollegaer i kulturskolen. Gjennom kulturskolen er jeg også med i Jæren symfoniorkester og prøver å være en sterk pådriver for et symfonisk miljø på Jæren. I fremtiden ønsker jeg å ha mer tid til å utvikle meg mer musikalsk og videreutvikle prosjekter både gjennom kulturskolen og gjennom ensembler jeg er involvert i. Jeg er opptatt av mange typer musikk, og synes personlig jeg er veldig heldig som får mulighet til å jobbe med alt fra samtidsmusikk, pop og skolekorps.