Ein person er funnen død i sjøen i Stavanger

Dykkarar frå Rogaland brann og redning søkte i sjøen i Stavanger sentrum.

Dykkarar frå Rogaland brann og redning søkte i sjøen i Stavanger sentrum. Foto:

Ein person er funnen død av brannvesenet sine dykkarar i sjøen ved Skagenkaien i Stavanger.

DEL

Politiet sende ut følgjande pressemelding sundag ettermiddag:

«Litt før klokken 12 i dag gjorde brannvesenets dykkere funn av en død person i sjøen like utenfor Skur 2 på Skagenkaien i Stavanger. Dette antas å være den savnede Johannes Kverneland Vagle, som sist ble sett natt til 17. mai.»

Politiet opplyser også om at den omkomne er frakta til Stavanger universitetssjukehus.

– Avdøde vil bli obdusert, opplyser politiadvokat Mads Lerum.

Dei pårørarande er varsla om funnet

Operasjonsleiar Kurt Løklingholm i politiet opplyser til Jærbladet at identiteten endeleg vil bli fastslått mandag.

– Teorien vår er at han har ramla på sjøen. Det er ingenting som tilseier at det er noko kriminelt som har skjedd, seier Løklingholm.

Artikkeltags