NRK: Fire menn dømde til døden for drapet på Maren Ueland

Seint onsdag kveld kom meldinga om at dommen var fallen for 24 menn som stod tiltalt for drapet på Maren Ueland og Louisa Vesterager Jespersen.

DEL

Onsdag kveld melde NRK at dødsdommen frå førre rettsrunde, i juli, vart stadfesta for dei tre hovudtiltalte. Dei skal i retten ha bede om at dommen blir fullbyrda – det vil i så fall blitt første gong sidan 1993 at nokon vart avretta etter dom i Marokko.

Ein fjerde person fekk auka straffa frå fengsel på livstid, til dødsstraff, for å ha vore med dei tre andre til fjella der drapa skjedde. Han var ikkje til stades då jentene vart drepne.

Ein annan mann fekk ifølgje NTB straffa si auka frå 15 til 20 år. For dei andre tiltalte ligg straffa på fengsel mellom 5 og 30 år.

Varslar anke

Forsvararen til dei tiltalte, Hafida Maksaoui, seier til NRK at straffeutmålinga er for streng og at dommen vil bli anka.

Det kan ta månader før den høgaste rettsinstansen i Marokko, Høgsterett, vil vurdera ankane.

Artikkeltags