Tysdag den 25. oktober skal Time kommunestyre avgjera om Brynegarden AS skal få grønt lys til å gå i gang med å byggja bustader på det første av tre felt på det som står att av jorda på Brynegarden.

Heile utbygginga omfattar ifølgje planane til utbyggjaren inntil 490 bustader på eit område på nærare 75 dekar. I tillegg kjem eit om lag like stort grøntområde.

Men eg har ein draum om Brynegarden. Eg har ein draum om at:

* Medlemmane av Time kommunestyre tek inn over seg den globale mat- og klimakrisa og den låge sjølvbergingsgraden i Noreg.

* Kommunestyrerepresentantane rettar seg etter dei nye føringane frå styresmaktene når det gjeld jordvern og lågare maksimumsgrense for årleg nedbygging av landbruksjord og oppmodingane frå dei same styresmaktene om å gå grundig gjennom eksisterande arealplanar på nytt.

* Det ikkje er for seint å stoppa nedbygginga av jorda på garden i ei tid då det for lengst burde vera slutt på å gjera dyrka og dyrkbar jord om til bustadfelt.

* Graset framleis får veksa og verta til dyrefôr, og kornet framleis får mognast og haustast inn.

* Elevane på Vardheia ungdomsskule, skulen på Brynegarden, for all framtid får høyra forteljinga om då Time kommunestyre synte handlekraft og berga den dyrebare jorda ved skulen deira.