- Det har eigentleg gått ganske greitt, men me har sett fram til å opna igjen, seier Rasmus Sele til Jærbladet.

- Dei færraste dreg heim

Jærbladet har tidlegare skrive om bonden på Sele som selde garden og blei kafeeigar i Klepp etter at han og ektefellen opna Coffee Corner i februar i fjor. 53-åringen angrar ikkje på endringa.

- Eg arbeidde myke som bonde, og eg arbeider mykje no. Det er kjekt å prøva noko nytt. Eg hadde aldri tenkt at eg kom til å bli kafeeigar, men eg hadde lenge tenkt at det hadde vore spanande å prøva, seier Sele.

Då kafeen opna igjen fredag ettermiddag, hadde han vore stengt sidan midten av desember. Rasmus Sele har ikkje tru på at forbodet mot å skjenka alkohol etter klokka 23.00, vil bidra positivt for smittesituasjonen.

- Dei færraste vil reisa heim klokka 23.00. Resultatet blir då at dei dreg vidare til nachspiel der det ikkje er nokon som helst kontroll med korleis dei opptrer i forhold til koronasituasjonen.

- Hadde aldri klart oss utan alkohol

Han har ikkje heilt bestemt korleis opningstidene skal vera når drifta no kjem i gang igjen.

- Me ser situasjonen an. Men også tidlegare har me sett at folk kjem tidlegare når skjenkinga stengjer tidlegare. Det betyr at me ikkje tapar så mykje pengar på kortare skjenking, seier Sele.

Han har fått koronastøtte frå Klepp kommune, og seier at rekneskapet for 2021 vil gå i pluss.

- Me hadde aldri klart å driva staden utan alkoholservering. Me har også satsa på komlemiddagar, noko som er blitt populært. Muligens vil me utvida middagstilbodet, fortel Sele.

Sele og ektefellen Duangtip Pratadtu arbeider begge full tid i kafeen. I tillegg har dei ein tilsett i 50-60 prosent stilling, og ei som er ringehjelp. Dei får også hjelp av barna hans i kafedrifta.