Det var ikkje sånn det skulle vera.

Det var ikkje sånn det skulle bli.

Du var så glad i livet.

Du var så glad i oss alle.

Og me var så uendeleg glade i deg, kjære storebror.

Den 4. oktober 2021 døydde Kjetil Vigre brått i Virginia Beach, USA. Han var på tenestereise for Marinejegerkommandoen, kor han jobba som orlogskaptein. Kjetil vart 56 år gamal.

Med sin rause veremåte, faglege styrke og genuine interesse for andre menneske hadde han eit stort nettverk i Forsvaret.

Kjetil og eg vaks opp på Åna og seinare på Vigre saman med mor Elise og far Endre.

Me var ikkje berre søsken, men også vener. Kjetil var berre 1,5 år eldre enn meg, så me gjekk på Vigre skule, Nærbø ungdomsskule og Bryne vidaregåande skule saman.

Kjetil lærte tidleg å lesa. Han leste ALT, frå Hardy-guttene, Morgan Kane og Vi Menn til filosofi og historiebøker. Ein av dei tinga eg lærte av Kjetil, var at ein aldri blir utlærd her i livet. Kjetil og eg gjekk på søndagsskule, 4H, diskotek og festar i lag. Heimen vår på Vigre var alltid open for venene våre.

I oppveksten reiste me på ferie til familien vår på Stakland i Tysvær og i Telemark. Mor og far sin familie kom også ofte på besøk til Vigre. Reiselysta prega livet vårt heilt frå barndommen. Me hadde det nok i blodet. Både Kjetil og eg var og er glad i andre menneske, nye kulturar og andre land. Begge to har jobba og studert i utlandet, noko som me stortreivst med.

Då Kjetil fann sin plass i Bryne karateklubb, var livet hans forandra. Her stortreivst han og fekk mange vener for livet. Han gjorde det godt som utøvar og landslagstrenar. Karaten førte han vidare til studiane på Idrettshøgskolen, til jobben som barmarkstrenar for alpinlandslaget og så til Forsvaret.

Det var stort for Kjetil å bli onkel til sønene våre, Eirik og Njål, i januar 1997. Då han reiste verda rundt med alpinlandslaget sende Kjetil kort frå kvar einaste plass dei var, og kom heim med fine gåver.

Før Kjetil traff Berthe var eg hans nærmaste pårørande i Forsvaret. Eg fekk god oppfølging, særleg då Kjetil var ute på skarpe oppdrag.

Då mor døde så altfor tidleg i 2003, var me tett saman i sorga. Så sant Kjetil var i Norge, feira me jul saman i barndomsheimen vår på Vigre. Kjetil lærde Eirik og Njål å stå på slalåm, tok dei med på skyting og gjorde rampestrekar. Ein kul og trygg onkel. Kjetil og mannen min, Njørd, var gode mat- og vinvenner i tillegg til å vera svograr. Me var så heldige å nyta svært godt av kokkekunstane deira.

Heilt sidan Kjetil møtte si kjære Berthe, har våre to familiar hatt eit godt og nært forhold. Me har vore på fleire ferier i lag, og det var alltid stor stas då Kjetil og familien kom heim til Jæren. Far og me har feira fleire juler på den nydelege garden deira på Austlandet. Denne jula skal me også feira der. Det blir tomt utan Kjetil, men me har heldigvis kvarandre.

Den dagen Kjetil trefte Berthe, blei livet hans rett og slett heilt fantastisk. Ting fall på plass, og han fekk ein indre ro og glede saman med Berthe og dei to små borna deira, Anne og Lars.

Takk for alt, kjære storebror. Alle dei gode minna er til stor hjelp i sorga vår. Og me skal leva vidare på Kjetil sin måte. Med stor livslyst, reiseglede, kunnskapshunger, humor, ironi og kjærleik til kvarandre.

Alt du var og alt du stod for, Kjetil, vil for alltid vera med oss.