Namn: Susanne Horpestad

Alder: 27

Bustad: Hellvik

Kva er det beste juleminnet ditt?

– Det må nok vera sist jul då me for første gong pynta vårt eige tre med våre eigne julekuler i leilegheita til han som no er blitt sambuaren min. Men årets jul kjem nok i god konkurranse til fjorårets, for no er me i ferd med å skapa våre eigne juletradisjonar med pynt, mat og pakkar.

Kva ønskjer du deg til jul?

– Det er veldig vanskeleg å svara på. Men ei ny julekule står på ønskelista som eg har gitt til sambuaren min. Mor har alltid hugsa alle historier om dei ulike julekulene, og eg tykte alltid at det var så koseleg. Eg ønskjer meg også fuelboks og visp til kjøkkenmaskinen. Eg ser også at eg er i ferd med å bli vaksen. Eg set meir pris på julefred og ro, og treng ikkje så mange ting.

Kva ser du mest fram til i jula?

– Eg er veldig, veldig glad i jula, og me er godt i gang med å sjå julefilmar. Me er glade i å vera inne om kveldane, smaka på julematen og julekakene, og pakka inn julegåver. Jula er høgdepunktet i året for meg, og eg tykkjer oppladinga er det aller gildaste. Her er peparkakehuset og juletreet pynta. Delfiakake og risbollar har eg laga for andre gong, fortel Susanne til Jærbladet den 14. desember.

Team ribbe eller team pinnekjøt?

– Eg er heilt klart mest fan av pinnekjøt med far si kålrotstappe til.

Lukene i julekalenderen

1. desember: Sara Øyri og Rebekka Valskår

2. desember: Ida Jaarvik Hetland

3. desember: Kristi Tveito

4. desember: Astrid Moe Eikrem

5. desember: Gunn Sør-Reime

6. desember: Kristin Bryne Aasen

7. desember: Mathias Engstrøm Sandstøl

8. desember: Marthe Kristiansen

9. desember: Sam Danby

10. desember: Petter Dubland

11. desember: Ida Vold

12. desember: Lise Reve

13. desember: Lisbeth Valentina Bakken

14. desember: Reidar Skretting

15. desember: Katrine Rasmussen

16. desember: Susanne Horpestad

17. desember: Tønnes S. Hetland

18. desember: Andrea Norheim

19. desember: Marthe Engstrøm Sandstøl

20. desember: Grethe Hadland og Johanne Hadland (2)

21. desember: Anne-Marie Marcher

22. desember: Sunniva Hole