Ei krisemaksimering av sjølvforsyningsgraden nå er eit sidespor

Av

Matforsyninga i Noreg er solid, og vi er sjølvforsynt med mange matvarer. Det skal vi vere takksame for og byggje vidare på.

DEL

MeiningarLandet vårt er i ei krevjande tid. Vi opplever den største krisa sidan andre verdskrigen. Situasjonen pregar oss alle. Men så langt går matforsyninga vår bortimot som normalt. Det er noko redusert kapasitet i industrien, mellom anna som følgje av tilsette i karantene og forseinkingar i varetransporten. Dei største konsekvensane er for hotell, restaurantar og catering, og for dei som leverer varer til desse. Det er nok mat til alle. Heilt i starten såg vi nokre stader tomme butikkhyller som følgje av at mange bygde seg opp små lager heime. Nå ser vi at hamstring av mat er gått ned. Og det er bra. Det er ingen grunn til å hamstre.

Vi har grunn til å vere takksame. Norske bønder gjer ein fantastisk innsats kvar dag, heile året, for å gi oss trygge og gode råvarer av høg kvalitet. I industrien blir produksjonen og handelen halde oppe sjølv med mange i karantene, med lange arbeidsdagar og kanskje doble skift. Og transportørane har så langt klart å halde vareflyten oppe. Dei tilsette i butikkane stiller opp for folk på imponerande vis. Eg vil rette ein stor takk til alle som i desse dagar stiller opp for at vi alle skal ha trygg matforsyning.

Tett dialog

Matforsyning er sjølvsagt ein samfunnskritisk funksjon. To gonger i veka har eg nå videokonferanse med sentrale aktørar i norsk landbruk og matproduksjon for å bli fortløpande oppdatert på utfordringar knytt til korona-viruset. Tett dialog er viktig for å fange opp potensielle problem med forsyningane, slik at vi tidleg får høve til å redusere hinder og halde vareflyten i gang.

I denne situasjonen er mange opptekne av sjølvforsyning og matberedskap. Det er naturleg. Sjølvforsyning er viktig. Eg vil at norsk jordbruk skal produsere så mykje som mogleg av den maten norske forbrukarar vil ete. Men eg vil åtvare litt mot forsøk på å svartmale sjølvforsyninga vår. Nokre framstiller det som om vi importerer langt over halvparten av den maten vi ét i Noreg. Det bildet må nyanserast.

Sjølvforsyningsgraden i Noreg er på om lag 50 prosent når vi måler i kalorier. Det er omtrent det same som den var for 10 år sidan. Og for 20 år sidan, og 30 år sidan, og 40 år sidan. Eit bilete av at sjølvforsyninga i Noreg stuper er altså ikkje rett.

Vi er bortimot sjølvforsynt med kjøtt, fisk, egg, mjølk og meieriprodukt.

Olaug Bollestad

Vi er bortimot fullt ut sjølvforsynt med kjøtt, fisk, egg, mjølk og meieriprodukt, og med grove grønnsaker som kål og kålrot. Denne vinteren er om lag 60 prosent av matkornet i norske brød produsert i Noreg. I 1970 var andelen norskprodusert matkorn lik 0. Vi har kome langt sidan den gong.

Vi bør arbeide for å auke norskandelen enda meir der vi kan, til dømes på korn, frukt og grønt. Det har regjeringa prioritert dei siste åra. Men så er det også slik at vi har nokre geografiske og klimatiske tilhøve som gjer at det rett og slett ikkje er alt vi kan dyrke i Noreg. Det verkar inn på sjølvforsyningsgraden.

Sjølvforsyningsgraden fortel kor mange kaloriar som er norskprodusert. Til dømes sukker er ei svært energirik vare. Sidan vi ikkje kan ha sukkerproduksjon i Noreg, blir sjølvforsyningsgraden trekt ned. Det same gjeld ris, tropiske frukt, nøtter og delar av matkornet. Når forbrukarane kjøper importerte varer, så bidrar også det til redusert sjølvforsyningsgrad. I tillegg til sjølvforsyningsgrad har vi også det som heiter dekningsgrad. Det er eit mål på kor mykje mat eit land faktisk produserer, som andel av det energiforbruket landet har. Når vi reknar inn all den fisken vi eksporterer, blir dekningsgraden i Noreg om lag 80 prosent.

80 prosent av fôret til norske husdyr produsert i Noreg.

Kva så med dyra våre? I eit normalår er om lag 80 prosent av fôret til norske husdyr produsert i Noreg. Tilsetting av soya i kraftfôret bidrar til at vi kan halde oppe ein høg norsk kornandel i kraftfôret. Importert soya utgjer berre ca. 4% av fôrrasjonen til mjølkekyr. For å auke norskandelen også i fôret til dyra våre, er det fleire som arbeider godt med auka produksjon av grovfôr, med betre kvalitet og norskproduserte innsatsvarer til kraftfôret. Dette er spanande prosjekt, som eg følgjer med interesse.

Viktig å halde oppe handelen

Vi må bruke ressursane våre klokt for å produsere den maten vi kan her i landet. Samstundes er det viktig å halde oppe handelen med omverda, også under kriser. Mange av dei andre driftsmidla i jordbruket er importert, til dømes maskinar og reiskap. Og sjølv om landa nå stenger grensene for folk, går varetransporten framleis. Fordi landa treng det.

Arbeidskraft i grøntsektoren

Ein stor norsk matproduksjon er fundamentet i forsyningstryggleiken til det norske folk. Det er ting å ta tak i her også. Nå er tilgang på kompetent arbeidskraft i grøntsektoren vår ei stor utfordring, som bransjen arbeider hardt med å løyse. Eg vil halde tett kontakt med aktørane og med andre offentlige styresmakter, for å bidra til at bøndene får den arbeidskrafta dei treng.

Det er mat til alle. Vi skal takke alle som nå står hardt på for å sikre at det er slik. Men ei krisemaksimering av sjølvforsyningsgraden er per nå eit sidespor. Vi har vesentleg større problem å løyse for å ta vare på våre sårbare, og kome gjennom krisa med eit levedyktig næringsliv og eit meir normalt liv igjen for alle.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags