- Folk sine opplevingar av Eigersund kommune består av mange brikker som må puslast saman til ein heilskap. Med subjektive auge kan det store bildet bli negativt. Det skal det vera rom for. Det viktigaste for oss som sit på andre sida av bordet, er å lytta, seier ordførar Odd Stangeland.

Han legg til, med adresse til hytteeigar Ståle Ravndal:

– Eg håper han ringer meg.

– Ikkje eit heft å vera hyttekommune

Ordføraren er ikkje fornøgd dersom Eigersund bare er ein god kommune å bu i. Kommunen skal òg vera god for folk som er på besøk, og for folk som har fritidsbustad her. I sistnemnde kategori er det i dag cirka 1.220.

– Me har attraktive hytteområde i dag og har potensial for fleire. Etterspørselen etter fritidsbustader i Eigersund kommune er nå slik at det synest å vera ein god idé å leggja til rette for meir hyttebygging, konstaterer han.

– Nokon kommunar opplever hyttefolket som ei utfordring. Men eg trur eg har brei politisk dekning for å seia at me i Eigersund opplever det som positivt å vera ein hyttekommune, og at me ønskjer å vera det i endå sterkare grad enn i dag. Me har utruleg flotte område i Dalane som me gjerne vil dela med folk frå andre kommunar. Men det er viktig at me er konkurransedyktige, for eksempel i forhold til sørlandskommunane. Det kan me bli ved å bruka tilbakemeldingane frå hyttefolka på ein kreativ måte, seier Stangeland.

Måtte avlysa hyttefrukost på Elverhøy

Det er konkrete planar for korleis tilbakemeldingar og innspel skal bli lettare å bringa til torgs.

– Omstillingskommunen Eigersund skal oppretta eit hytteforum. Første samling, ein hyttefrukost, var faktisk planlagt på Elverhøy nå til helga. Men på grunn av koronasituasjonen måtte den utsetjast. Tanken er å laga møteplassar og kontaktpunkt der hyttefolk kan få koma fram med synspunkta sine og vera med å påverka utviklinga i kommunen. På den planlagde, men altså utsette, samlinga var det meininga at både kommunen sine ulike etatar, sentrumsforeininga og næringslivet skulle delta og vera tilgjengelege for hytteeigarane. På same måten som me ønskjer innbyggjarmedverknad, ønskjer me også medverknad frå hyttefolket i kommunen. Ideen til eit slikt forum har me henta frå andre større hyttekommunar, blant anna Sauda, seier Odd Stangeland.

– Bruk butikkane du liker

Samtidig som han er opptatt av å sjå heile bildet, vil han ikkje snakka vekk enkeltbrikkene i puslespelet. Han adresserer først kritikken mot eigedomsskatten.

– Eigedomsskatten på fritidsbustader for 2020 er skriven ut med bakgrunn i eit samrøysta kommunestyrevedtak. Me synest det er rett og rimeleg at også dei som eig fritidsbustader i kommunen, skal vera med på spleiselaget som finansierer ulike tenester og tilbod i kommunen. Nivået kan sjølvsagt diskuterast, men å leggja om til å bruka skatteetaten sin estimerte marknadsverdi som takstgrunnlag har kommunestyret vurdert som mest rettferdig. Totalt sett tar me ikkje inn meir i eigedomsskatt frå fritidsbustader enn me har gjort før. Når nokon har fått høgare skatt, betyr det at andre har fått lågare. Den som meiner å kunna påvisa feil i takstgrunnlaget, bør klaga.

Om butikk- og restauranttilbodet seier ordføraren følgjande:

– Egersund sentrum utviklar seg i takt med kundegrunnlaget. Viss ein har lyst at bestemte butikkar eller restaurantar skal fortsetja å eksistera, er det viktig at ein bruker forbrukarmakta si og handlar der.