UP beslagla eitt førarkort då dei fredag hadde laserkontroll på Torlandsvegen ved Nærbø. Den føraren heldt heile 87 km/t i 60-sona, og vedkomande kan dermed venta seg eit oppgjer i rettsvesenet.
I tillegg delte politifolka ut ni forenkla førelegg til bilførarar som kjørte for fort. Kontrollen vart gjennomført i tidsrommet 11.30 til 13.30 fredag.