Eksordførar om behandlinga av rapporten som syner kritiske tilhøve innan institusjonstenesta i Klepp: – Forstår ikkje kvifor det er så om å gjera å dyssa dette ned

I sist kommunestyremøte blei den kritiske rapporten presentert som ei referatsak, og ikkje som ei eiga sak på saklista. Måndag valde kommunestyret å senda rapporten attende til administrasjonen, utan at han først har vore innom fagutvalet, som er hovudutval for helse- og velferd.