Ekstratilskot til bønder som satsar på trebygg

Artikkelen er over 1 år gammel

Bønder som brukar tre i nybygg, kan no få inntil 400.000 kroner meir i utviklingsmidlar.

DEL

- Det er alltid konkurranse om investeringsmidlane i Rogaland, så ikkje vent med å søkje om du er innafor dei prioriterte satsingane. Og det gjeld særleg om du tenkjer å byggja i tre, skriv Fylkesmannen i Rogaland på sine nettsider 6. januar.

Ekstratilskotet blei avtalt under jordbruksforhandlingane i 2019, og skal etter planen vara i tre år. Hovudgrunnen til at ordninga blei innført, er at bruk av tre er gunstig i eit klimaperspektiv. Men landbruksstyresmaktene argumenterer også med at tre har mange andre gode eigenskaper, som til dømes god isolering og god lyddemping.

Ifølgje ein artikkel Fylkesmannen i Rogaland publiserte i desember, innførte Rogaland allereie i 2013 ekstra stønad til å byggja i tre. Den stønaden har lege på inntil 10 prosent av ordinært tilskotsbeløp, maksimalt 150.000 kroner. Den nye ekstrastønaden er på inntil 20 prosent av tilskotsbeløpet, maksimalt 400.000 kroner.

Dette kjem på toppen av det ordinære utviklingstilskotet, som alle bønder kan søkja om når dei investerer i nybygg og anna varig produksjonsutstyr. Det er på inntil 35 prosent av totalkostnaden, men maksimalt 2 millionar kroner.

Artikkeltags