– Politiet eller økokrim vil aldri be om BankID og den type ting over telefon, opplyser politioverbetjent ved Jæren politistasjon, Morten Slettebø, til Jærbladet.

Torsdag har politiet motteke melding om eit eldre ektepar som har blitt svindla for nesten 100.000 kroner.

Dei som ringer oppgjer seg for å vera ein etterforskar frå økokrim og har eit forfalska nummer som gjer at det ser ut som det ringer frå eit legitimt telefonnummer.

Jærbladet har tidlegare skreve om svindelmetoden.

– Dette er forsøk på svindel, og det er viktig å ikkje følgja instruksjonane om å dela sensitiv informasjon, er rådet frå Norsk senter for informasjonssikring.

Fem råd om telefonsvindel

1. Sjekk om telefonnummeret du blir ringt frå har riktig mengd siffer ut frå norske telefonnummer. Det er uansett ikkje farleg å svare på eit tilrop, men vær oppmerksam på kva du sjølv gjer av opplysningar.

2. Har du svart på tilropet og mistenker at oppringninga er falsk – avslutt samtalen.

3. Har du trykka på valet om å fortsette samtalen og blir bedt om å oppgi kontonummer eller personnummer, vær oppmerksam. Du skal ikkje oppgi sensitive opplysningar. Verken personnummer, kortnummer eller dele bilde av din legitimasjon. Avslutt samtalen.

4. Har du oppgitt personopplysningar som kontonummer eller personopplysningar – ta kontakt med bank og forsikringsselskap. Det kan vere lurt å aktivera frivillig kredittsperre hos kredittopplysningsforetaka. Da vil det vere vanskelegare for uvedkommende å ta opp lån i ditt namn.

5. Anmeld forholdet til politiet. Er du usikker på kva eller korleis du skal gjere dette, ta kontakt med din lokale nettpatrulje eller politiet.no for råd og rettleiing.