– Tidlegare denne veka opplyste me om at det blir tilbake til normalen torsdag 17. november, nå er ny dato tysdag 22. november, opplyste Hå kommune på Facebook-sida si torsdag kveld.

Der delte dei også ei lita gladmelding til slutt, til dei som synest at vatnet har smaka for sterkt av klor den siste tida: Frå og med torsdag har dei redusert klordosen i vatnet litt.

– Dette vil forhåpentlegvis hjelpa på utfordringane med lukt og smak, skriv Hå kommune.

Måtte ha sterkare forankring

Vanlegvis kjem vatnet i det offentlege vassnettet i Time og Hå frå Langevatn i Gjesdal, via IVAR si hovudvassleidning derfrå. Men sidan 24. oktober har abonnentane fått vatn frå Hagavatn vassbehandlingsanlegg i Matningsdal.

Bakgrunnen er at det interkommunale selskapet for vatn, avløp og renovasjon no held på med ei ny hovudvassleidning frå Lagevatn til Stavanger. Nett no er andre etappen – frå Fjermestad i Time til Engelsvåg i Klepp – heilt i sluttfasen. Og der skal leidninga sørover til Jæren koplast på den nye hovudleidninga.

Det skjer i det nye koplingshuset på Kvernaland-sida av Frøylandsvatnet.

– Det er store røyr og høgt trykk på vatnet, så det er store krefter i sving. Me fann ut at me måtte støypa nokre større forankringsklossar enn først tenkt til den nye koplinga mellom hovudvassleidninga og jærleidninga. Dei nye forankringsklossane må ha nokre ekstra dagar med herdetid, forklarar Sigbjørn Tveiten, prosjektleiar hos Stangeland Maskin, om årsaka til at det har teke lenger tid enn planlagt.

– Det er sjølvsagt alltid kjedeleg at ting tek lenger tid enn planlagt, men me må sørgja for at dette skal kunna liggja trygt i 50 år, legg Tveiten til.

Han har også god nytt å koma med: No er lysreguleringa på Kvernelandsvegen ved anleggsplassen teken heilt bort, og det er fritt fram for trafikken att.

«Smaker fortsatt en blanding av myr og klor»

Hå kommune ber på Facebook om tilbakemeldingar, og har fått fleire av dei:

«Vannet var noe bedre nå i kveld, men det smaker fortsatt en blanding av myr og klor, så her i huset går det i kjøpevann til drikke inntil videre», skriv ein innbyggjar i kommentarfeltet.

Fleire av dei som har lagt igjen kommentarar, tipsar også om å ha vatnet ståande i kjøleskapet ei stund. Då skal det smaka mindre klor av det.

Dette er IVARs nye hovedvannledning

  • Arbeidet med den nye hovedvannledningen fra Langevatn i Gjesdal via Time, Klepp, Sandnes og Sola til Tjensvoll i Stavanger startet høsten 2021. Når alt er ferdig i 2024, har IVAR fått 33 kilometer med nye hovedvannrør
  • Den totale kostnadsrammen er på hele 1,35 milliarder kroner. Det er det største enkeltprosjektet i IVARs historie
  • I tillegg til selve rørene, skal det langs traseen også bygges et nytt styringsbasseng på Fjermestad og nye ventilkammer på Kvernaland, Engelsvåg, Lona, Todneim, Soma, Røyneberg og Grannes