Gå til sidens hovedinnhold

Etter ein dag har Vern Kvernaland samla inn 190.000 kroner

Artikkelen er over 1 år gammel

Verneorganisasjonen er allereie over halvvegs i finansieringa av ein ny rapport om datasenter på Kvernaland.

– Me er overvelda og takknemlege over responsen, fortel Guro Bjånes, kasserar i Vern Kvernaland, i ei pressemelding.

– Det tikkar inn små og store beløp frå fjern og nær. I løpet av den første dagen med innsamling fekk me 40.000 kroner på Vipps frå folk som vil hjelpa til med å verna jorda, naturen og bygda vår. Me har også fått støtte frå Landbruksrådet i Rogaland, Forum for natur og friluftsliv Rogaland, Naturvernforbundet i Rogaland og TKS, opplyser Bjånes.

I tillegg mobiliserer bondelaga i landet. Både Time Bondelag, Vestavåg Bondelag, Kristiansand Bondelag, Gjesdal Bondelag, Brandval- og Vinger Bondelag, Balsfjord Bondelag, Vefsn Bondelag og Engerdal Bondelag har støtta Vern Kvernaland i innsamlinga.

Målet til gruppa er å samla inn 300.000 kroner, som skal finansiera ein ny rapport om fordelar og ulemper med ei stor datasenterutbygging i tilknyting til den påbegynte stortrafoen ved Fagrafjell.

Aksjonsgruppa er skuffa over rapporten som Time kommune allereie har fått frå Norconsult – særleg på punktet om arbeidsplassar.

– Rapporten gjengjev ukritisk tala frå Green Mountain/Lyse og andre datasenterselskap, og manglar tal og vurderingar frå nøytrale aktørar. Vern Kvernaland meiner derfor det trengst ein ny rapport frå uavhengige forskarar, heiter det i pressemeldinga.

Vern Kvernaland har inngått ein intensjonsavtale med Institutt for rural- og regionalforskning, Ruralis. Rapporten skal finna tal på arbeidsplassar og økonomiske ringverknader både ved ei eventuell datasenterutbygging og ved dagens bruk av areala.

Les også

Aksjonsgruppe startar kronerulling til ny rapport om arbeidsplassar ved datasenter på Kalberg