I ei melding publisert 18.43 på Twitter, etterlyste Sør-Vest politidistrikt ei ni år gammal jente.

Ho hadde på seg grøn dunjakke og nissehue. Politiet bad folk ringa inn observasjonar.

Foreldra skal ha vore i kontakt med henne om lag éin time tidlegare, opplyste operasjonsleiar Kurt Løklingholm klokka 18.50.

– Me mistenker ingenting. Me hjelper foreldra med å finna jenta, sa han til Jærbladet.

Klokka 19.10 skriv politiet i ei oppdatering at jenta er funnen i «god behold».