Gå til sidens hovedinnhold

Fann ein ukjent, sovande mann på stovegolvet

Ein mann i 50-åra bomma på huset sitt med rundt tre kilometer.

Natt til laurdag tok ein håbu kontakt med politiet for å melda frå om at han hadde funne ein ukjent, sovande mann på stovegolvet.

Mannen var berusa, men klarte å gjera rede for seg då politiet kom.

Han vart køyrt heim til sin eigen bupel, som var rundt tre kilometer vekke.