– Dette er ei positiv avslutting på året, seier Merethe P. Haftorsen, direktør i Nav Rogaland, ei pressemelding.
Ved utgangen av desember var 5513 personar heilt utan arbeid i Rogaland, ein nedgang på 11 prosent samanlikna med desember 2018. 938 arbeidssøkjarar var deltakarar i eit arbeidsretta tiltak, ein reduksjon på heile 45 prosent samanlikna med same månad i fjor.
Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse på 6451 personar, tilsvarande 2,6 prosent av arbeidsstyrka.
Lågare enn snittet i Noreg
– Dei siste månadene har delen bruttoarbeidslause i Rogaland stabilisert seg på eit litt lågare nivå enn snittet for Norge, seier Haftorsen.
I desember hadde Sandnes høgast bruttoarbeidsløyse med 3,1 prosent. Både Stavanger og Strand hadde ein del på 2,8 prosent. Lågast del arbeidslause av alle kommunane i Rogaland hadde Forsand, Bokn og Suldal med høvesvis 0,7 prosent, 0,9 prosent og 1,0 prosent.
Totalt vart det lyst ut 2033 stillingar i Rogaland i desember. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar var ingeniør- og IKT-fag (387), helse, pleie og omsorg (296) og industriarbeid (260).
Færrast ledige i Hå
Kommuneoversikta viser at i Hå kommune er det 180 arbeidsledige (1,8 prosent av arbeidsstyrken). Dette er 21 færre enn på same tid i fjor, altså ein nedgang på 10 prosent.
I Time kommune er det 189 (1,8 prosent av arbeidsstyrken) som er utan arbeid. Dette er 17 fleire enn på same tid i fjor, ein oppgang på 10 prosent.
I Klepp kommune er det 221 (2,1 prosent av arbeidsstyrken) som er utan arbeid. Dette er 29 fleire enn på same tid i fjor, ein oppgang på 15 prosent.