Frå 23.00 til rundt 01.30 natt til sundag gjennomførte utrykkingspolitiet ein fartskontroll på fv 44 på Søyland i Hå.
Seks førarar køyrde for fort.
Fem av dei slapp med forenkla førelegg, medan ein bilist vart målt til 86 km/t i 60-sona. Det er akkurat over grensa for å mista sertifikatet.