Politiet kjører på med fartskontrollar. 32 tatt for råkjøring på ein dag

To mista lappen og til saman 30 må bla opp fleire tusenlappar etter fartskontrollar i Time og Klepp tysdag.

DEL

Ein laserkontroll på Søra Kalberg i Time kommune resulterte i at åtte bilistar fekk forenkla førelegg.

Høgaste fart her vart målt til 64 km/t. Det er 50 km/t på strekninga.

Kontrollen vart avslutta 16.40 tysdag ettermiddag.

Nokre timar seinare rigga utrykkingspolitiet seg til med fartskontroll i Øksnavadvegen i Klepp kommune. Fartsgrensa på staden er 60 km/t. Det var det fleire som ikkje brydde seg om. Heile 22 bilførarar fekk forenkla førelegg, medan to kjørte såpass mykje for fort at dei mista førarkortet. Høgaste fart vart målt til 89 km/t.

Dagens kontrollar er bare to av mange på jærske vegar den siste tida.

Artikkeltags