Fartskontroll: Berga så vidt lappen i Nordsjøvegen

Sju sjåførar må ut med fleire tusenlappar etter ein fartskontroll i Nordsjøvegen torsdag.

DEL

Mellom 15.00 og 16. 30 hadde utrykkingspolitiet ein fartskontroll i Nordsjøvegen i Klepp.

Fartsgrensa på staden er 60 km/t.

Sju bilførarar kjørte for fort og fekk forenkla førelegg.

Høgaste fart vart målt til 85 km/t. Dette er rett under grensa for å mista sertifikatet. Grensa i 60-sona går på 26 km/t over fartsgrensa.


Artikkeltags