Eline Hodne, Malin Dyskeland Hodne, Brit Heidi Byberg og Stine Holmebakken går på medier og kommunikasjon på Bryne vidaregåande skule. Dei går alle andre året på vidaregåande, og synest det har vert eit bra samarbeid med Rogaland fylkeskommune. Å få lage eit skikkelig produkt som kanskje skal blir publisert, synest jentene er stort.

- Det er gøy å få lov til å lage eit produkt som skal bli publisert, og at det ikkje bare er ein vanlig skuleoppgåve. Også at det ikkje bare er lærarane som skal sjå dette., seier Brit Heidi Byberg. Dei andre er heilt einig me ho.

Når dei skulle bygge opp denne videoen, starta dei med å vise kven målgruppa var, og kven den var til. Det var også viktig at dei fikk fram kven som var avsendaren. I videoen har dei prøvd å få fram korleis fylkesmannen kan hjelpe deg, og litt informasjon i frå dei som jobbar hos fylkesmannen.

Ulike tema

Når jentene skulle lage filmen, prøvde dei å lage den med litt variasjon på temaer. Temaer som dei prøvde å få med var utestenging, å vere usikker blant medelever, press blant lærarar og lignande. Alle var heilt einige om at dei valte å ha så mange, fordi dei ville nå ut til fleire.

- Dette er noko som mange kan kjenne seg igjen i, fortell Malin Dyskeland Hodne.

Dei fortell også at det er mange måtar å føle seg usikker på. Jentene valte å ha med elever i frå barneskulen, ungdomskulen og vidaregåande, slik at dei når ut til eit større publikum. I videoen har dei også prøvd å fått fram ein konflikt, slik at man får med seg kva man kan få hjelp til i frå fylkesmannen, og dei som jobbar der.

Møtte på utfordringar

Då jentene var hos fylkesmannen hadde dei fått dårlig fokus på videoen. Dei måtte fikse dette ved å legge andre videoar over den. Litt improvisering måtte til. Andre problemet dei møtte på var den første videoen. Den blei for lang, slik at dei måtte redigere den på ny.

Det blei veldig mykje planlegging, fordi dei skulle filme på tre skular. Det var slik at folka var ikkje alltid tilgjengelige.

Kva vil dei oppnå med filmen?

- Fylkesmannen ønsker å oppretthalde fokus på saka og informera breitt om elevane sin rett til eit trygt og godt skulemiljø. Elevundersøkinga frå 2018 viser at færre barn og ungdomar blir mobba i Noreg. Målet er at Fylkesmannen ikkje skal få meldingar frå elevar om at dei ikkje har det trygt og godt på skulen, men at alle har det godt på den enkelte skule, og er inkluderte i eit fellesskap, fortell utdanningsdirektør Marianne Skogerbø.