Femkamp i vektløfting består av rykk, støyt, kulekast, 40 meter sprint med liggande start og trehopp utan tilløp med samla bein.
Etter at Eline Høien og hennar nærmaste utfordrar i J15-16 var ferdige med siste øving – trehopp – var det berre fire centimeter som skilde dei.
Med 572,66 poeng var Vigrestad IK-jenta ikkje meir 0,6 poeng framfor nummer to, Mariell Endestad Hellevang frå Tambarskjelvar IL. Men det var altså nok til å sikra Eline den tredje strake NM-sigeren – på tre forsøk.
Eline gjorde det sterkast på støyt og 40-meter, var ein klar nummer to i rykk og støyt, mens det altså vart svært tett i trehopp.
Avstanden til nummer to var større i J13-14, der Vigrestad IK-jenta Lea Berge Jensen vann med over 70 poeng føre Lilje Kristine M. Røyseth frå Tambarskjelvar. Lea var beste i alle fem øvingane, og det gav henne 651,86 poeng.