I løpet av dei siste to åra er 190 lovbrot blitt henlagt på Jæren fordi gjerningspersonane ikkje har vore strafferettsleg tilreknelege. Fire personar er knytte til 134 av desse ugjerningane.

Ei ny lov skulle stansa desse lovbrytarane, men slik har det ikkje blitt.

Natt til 24. juli 2020 forsøker ein mann å bryta seg inn i huset til Bjørn Vikås på Bryne.

Hendinga blir fanga opp på overvakingskamera.

Bjørn melder saka til politiet, men forholdet blir til slutt lagt vekk fordi gjerningspersonen ikkje kan straffast.

Dette var ei av 4413 slike saker i heile landet fjor.

Klokka 05:30 natt til 24. juli 2020 går alarmen hos Bjørn Vikås. Han og kona er på besøk hos familie i Nord-Norge. Bilete frå overvakingskameraet heime på Bryne viser tydeleg ein mann som forsøker å ta seg inn i huset der sønene på 17 og 19 er heime åleine.

Mannen klarte ikkje å ta seg inn i bustaden, men ekteparet valde likevel å avbryta ferien.

– Denne hendinga gjorde oss utrygge. Me kasta oss i bilen og køyrde sørover.

Vikås melde saka til politiet. Han la ved ein skjermdump av videoen frå overvakingskameraet.

Saka vart først henlagt på grunn av bevisets stilling, noko som gjorde Vikås opprørt då personen ein kan sjå på videoen er identifiserbar.

Han klaga på henlegginga, men kom ingen veg. Litt seinare kom meldinga om at saka var lagt vekk på ny. Denne gongen med følgjande grunngjeving: Gjerningspersonen er ikkje strafferettsleg tilrekneleg.

33 personar med frikort

Saka til Bjørn Vikås er ikkje unik.

I perioden frå 1. januar 2019 til 31. desember 2020 var det til saman 190 meldte lovbrot på Jæren som vart lagt vekk av politiet med såkalla kode 65. Det betyr at det er tvil om gjerningspersonen er tilrekneleg.

Totalt er det snakk om 33 gjerningspersonar, alle busett på Jæren, som politiet meiner står bak dei til saman 190 brotsverka.

Dette er tal Jærbladet har fått innsyn i frå Sør-Vest politidistrikt.

Enkelt forklart er dette personar som er for sjuke til fengsel og for friske til tvangsinnlegging.

Dei fell mellom to stolar.

Dei har frikort til å gjera lovbrot, eit uttrykk som blir brukt av både politi og rettsvesen.

Blant desse er det fire gjengangarar som skil seg ut. Politiet meiner dei åleine står bak 134 av brotsverka. I løpet av den aktuelle toårsperioden har dei blitt mistenkt eller sikta for mellom 26 og 39 lovbrot kvar.

Tjuveri og narko

– Dei fleste tilfella som blir lagde vekk med kode 65, er ulike typar tjuverisaker samt narkotikasaker. Det er også tilfelle av saker som handlar om trugsmål og omsynslaus åtferd, opplyser politioverbetjent Morten Slettebø ved Jæren lensmannskontor overfor Jærbladet.

Problemstillinga er ikkje unik for Jæren. I heile Sør-Vest politidistrikt blir det kvart år lagt vekk rundt 500 saker på grunn av tvil om gjerningspersonen var tilrekneleg.

I heile landet var det i 2020 totalt 4413 saker som vart henlagt med kode 65.

– I saker der det er tvil om gjerningspersonen er tilrekneleg, blir det sendt eit mandat til tingretten der me ber om ein rettspsykiatrisk undersøking i saka. Det blir deretter oppnemnt ein psykiater eller psykologspesialist som gjer denne undersøkinga. Politiet får ein førebels sakkunnig rapport med ein konklusjon som påtalemyndigheita bruker i si vidare vurdering. Vurderingane i rapportane vil vera avgjerande for om sakene blir henlagt på tvil om tilreknelegheit eller ikkje, forklarer Slettebø ved Jæren lensmannskontor.

– I meir alvorlege saker kan det bli bedt om ein meir omfattande sakkunnig rapport i kjølvatnet av den førebelse rapporten, legg han til.

Lovendring i 2016

Ein stor del av dei som gjer seg skuldige i lovbrot og ikkje kan straffast for dei, er personar som slit med kombinasjonen rus og psykisk sjukdom. Denne gruppa blir kalla ROP-pasientar.

Den einaste reaksjonen samfunnet har overfor desse personane, er tvungent psykisk helsevern. Å bli dømt til dette skal likevel veldig mykje til.

Fram til 2016 var dom på tvungent psykisk helsevern eller tvungen psykisk omsorg forbeholdt utilreknelege personar som hadde gjort seg skuldig i alvorleg kriminalitet som drap, grov vald, seksuallovbrot eller brannstifting. Ved mindre kriminelle handlingar som innbrot og tjuveri, var det ikkje anna for politiet å gjera enn å leggja vekk saka og sleppa gjerningspersonen fri.

Ei lovendring som trådde i kraft 1. oktober 2016, skulle gjera det enklare å dømma psykisk sjuke kriminelle til tvungent psykisk helsevern.

Bakgrunnen var at politi over heile landet sto makteslause overfor notoriske lovbrytarar som ikkje kunne straffast.

Eit døme på dette var eit større innbrotsraid på Bryne i 2010. Ein 28 år gammal mann var mistenkt for å stå bak over 20 innbrot på kort tid.

Geir Pollestad var blant dei mange som var berørt av eit større innbrotsraid på Bryne i 2010.

Ein 28 år gammal jærbu var mistenkt for å stå bak 20 innbrot i løpet av eit par dagar. Mannen var strafferettsleg utilrekneleg.

Pollestad (Sp) og dåverande stortingskollega Ketil Solvik-Olsen (Frp) ville ta saka vidare til tinget.

Dåverande Time-lensmann Arild Oftedal kunne ikkje gjera anna enn å be folk på Bryne om å låsa dørene.

12. mars 2010 skreiv Jærbladet om problematikken på leiarplass.

Tydelegvis er det ikkje nokon som vil eller kan ta ansvaret for at mannen får hjelp, og at eit lokalsamfunn skal kunna kjenna seg trygge i sine eigne heimar.

Arild Oftedal var lensmann i Time for elleve år sidan. Han fortalde då til Jærbladet at politiet meinte at 28-åringen sto bak over 100 tjuveri dei siste åra, men at han ikkje var straffa for eitt einaste eitt sidan han ikkje var strafferettsleg tilrekneleg.

Hendingane i 2010 førte til at både Geir Pollestad (Sp), som var ein av dei som var ramma av innbrot på Bryne, og dåverande stortingskollega Ketil Solvik-Olsen (Frp) reagerte på at mannen ikkje kunne stoppast. Begge ville ta saka vidare til tinget.

– At framande tek seg inn i heimane til folk, rokkar veldig ved tryggleiksfølelsen. Dette er eit lovtomt rom, sa Pollestad.

Problem fleire stader

Fleire stader i landet vart det meldt om liknande høve. I Harstad var politiet fortvila på grunn av ein mann i 30-åra som åleine sto bak over 200 innbrot og tjuveri. I Trondheim sto ein og same mann for rundt 900 lovbrot.

Politiet kunne ikkje gjera anna enn å la dei gå.

Med lovendringa skulle frikortet forsvinna. Ordensmakta skulle nå få høve til å stoppa dei kriminelle gjengangarane. Endringa inneber at strafferettsleg utilreknelege personar som gjer seg skuldige i «gjentatte lovbrudd av samfunnsskadelig eller særlig plagsom art», kan bli pålagt strafferettslege særreaksjonar.

Dette betyr at den 28 år gamle jærbuen som politiet i 2010 mistenkte for 100 lovbrot, kunne ha blitt dømt til tvungent psykisk helsevern i dag.

– Det har lenge vore kjent at ei lita gruppe personar gjer seg skuldige i klart samfunnsskadelege eller særleg plagsame lovbrot, utan at samfunnet har moglegheit til å møta dei med nokon reaksjon. Med denne lovendringa vil desse personane kunne dømmast til tvungent psykisk helsevern eller tvungen omsorg, sa dåverande justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) då lova skulle trå i kraft.

Han la til at formålet med endringane var å vareta samfunnets behov for å kunne beskytta seg mot gjentatte lovbrot som har omfattande konsekvensar for andre borgarar og samfunnet.

Fleire saker blir lagt vekk nå

Fem år etter lovendringa, viser den nasjonale statistikken som Jærbladet har innhenta frå Riksadvokaten, at det er fleire saker som blir henlagt nå med kode 65, enn det var før lovendringa i 2016 (sjå grafar).

Det lovtomme rommet, som Geir Pollestad skildra det, er framleis der.

Ingen av sakene som er blitt etterforska ved Jæren lensmannskontor har enda med dom på tvungent psykisk helsevern etter den nye lova. Dei har heller aldri nådd rettssalen.

– Me er kjent med lovendringa, og den har blitt vurdert saman med påtale i fleire saker utan at det har ført fram, seier politioverbetjent Morten Slettebø.

Politiinspektør Terese Braut Våge forklarer kvifor:

– Det er strenge krav for å kunne dømma nokon til tvungent psykisk helsevern. Nødvendigheitsprinsippet seier at alt anna skal vera forsøkt først. Noko av grunnen til at me ikkje har nådd fram med desse sakene, er at me ikkje kan dokumentera at alle andre moglegheiter er blitt prøvd. I tillegg endrar situasjonen til desse personane seg. Nokon kan vera veldig aktive ein periode og gjera ei rekkje lovbrot, før det igjen kan vera roleg ei tid. Dette er med på å komplisera biletet, seier Braut Våge.

– Druknar i saker

Pål Grøndahl er psykologspesialist og forskar. Han har også doktorgrad i rettspsykiatri. Grøndahl ser tala på saker som er lagt vekk i samband med prioriteringar hos politiet.

– Mange saker blir nok lagde vekk fordi det er snakk om småting, og påtalejuristen er i tvil om at dette vil nå fram. Og då er terskelen låg for henlegging. Desse sakene kan vera veldig plagsame når me ser dei isolert sett, men i det store biletet er det ikkje alvorleg nok til at det kan ende med innlegging på tvang. Til dette er terskelen svært høg, kommenterer Grøndahl og held fram:

– Påtalejuristen kan drukna i saker, og då blir det eit spørsmål om kva som skal prioriterast. Alvorlege forhold som seksuallovbrot, vald og brannstifting blir prioriterte, medan dei mindre sakene, som øltjuveri fell ut. Når arbeidsmengda er stor, er det generelt høg terskel for å gå for tvungent psykisk helsevern for dei mindre sakene. Politiet ser gjerne ikkje på dette som heftig nok. I tillegg vil ein helst ikkje kriminalisera denne gruppa. Det er også eit spørsmål om det har nokon hensikt å leggja desse inn på tvang for ein kort periode.

Viktig dom i Høgsterett

Ein av dei første som vart dømt etter den nye lova, var ein 29 år gammal mann frå Finnmark med diagnosen paranoid schizofren. Dommen fortel at han hadde utført fleire hundre brotsverk frå Oslo i sør til Honningsvåg i nord.

Ifølgje erklæringa til dei sakkunnige hadde ikkje 29-åringen motivasjon til å endra livsførsel.

20. april 2017 vart mannen dømt til tvungent psykisk helsevern i Alta tingrett. 29-åringen vart bare dømt for dei lovbrota han hadde gjort etter 1. oktober 2016. Dette var blant anna tre tilfelle av innbrot i private heimar og eit innbrot i ein barnehage, i tillegg til tjuveri frå privatpersonar og heleri.

Mannen fortalte til den sakkunnige at det var «litt kult» å bli sett på som utilrekneleg og ha frikort til å kunne utføra brotsverk utan konsekvensar. Han sa vidare at lovbrota gjorde det lettare å halda fokus på noko anna enn dei psykotiske tankane. Dette kjem fram i domspapira.

Dommen på tvungent psykisk helsevern vart anka heilt til Høgsterett, som i oktober 2017 frikjente mannen. Ifølgje Høgsterett var ugjerningane tilstrekkelege til å bli vurderte som «gjentatte lovbrot av særleg plagsam art.»

Fleirtalet av høgsterettsdommarane, deriblant brynebuen Magnus Matningsdal, meinte likevel at terskelen for dom på tvungent psykisk helsevern ikkje var overskriden. Grunnen til dette var at 29-åringen nå var i gang med ein ny konkret plan for behandling og oppfølging, som han ikkje hadde hatt før. Dette gjorde at mannen vart frifunnen i høgste instans.

Denne høgsterettsdommen har bidratt til at det trass i lovendring har vore vanskeleg å få dømt utilreknelege lovbrytarar til tvungent psykisk helsevern.

Få har blitt dømt

I Sør-Vest politidistrikt er det svært få saker som har enda med dom etter lovendringa frå 2016.

Jærbladet får opplyst frå Rogaland statsadvokatembeter at det totalt er tre personar som er rettskraftig dømt etter «gjentatte lovbrudd av samfunnsskadelig eller plagsom art.»

– Éin er lokalisert til Haugalandet, éin til Stavanger-regionen og éin til Jæren-området, skriv konstituert førstestatsadvokat Asbjørn Eritsland i ein e-post.

I heile landet er det totalt 32 personar som har blitt dømt til tvungent psykisk helsevern etter den nye lovendringa. Per nå er 23 av desse pasientane framleis underlagt tidsbestemt dom.

Dette er tal som Jærbladet har fått innsyn i frå Nasjonal koordineringsenhet for dom på tvungent psykisk helsevern.


Visepolitimeister Gøril Våland i Sør-Vest politidistrikt er likevel klar på at dom på tvungent psykisk helsevern ikkje er målet. Ho peiker på at dersom det skjer, skal det vera absolutt nødvendig.

– Det er mykje som skal til for å få nokon dømt til tvungent psykisk helsevern. Dette er fordi alt anna skal vera prøvd først. Først og fremst handlar det om å hjelpa dei til eit betre liv. Me vil gje dei betre helse og betre psykiatrisk hjelp. På vegen er det ikkje sikkert at dom på tvungent psykisk helsevern vil vera det beste. Målet er å førebyggja kriminalitet og hjelpa desse personane, seier Våland.

Politiadvokat Ingrid Steinberg ved Sør-Vest politidistrikt supplerer:

– Om ein person har stått bak 200 sykkeltjuveri, så er det gjerne så plagsamt på den tettstaden der det skjer, at det er grunnlag for å bruke den nye lova. Det er likevel ikkje sikkert at det er naudsynt å få denne personen tvangsinnlagt på dom for å imøtegå problemet med sykkeltjuveri. Gjennom etterforskinga ser me kanskje at det er andre tiltak som kan setjast i verk. Får me til å hjelpa personen på andre måtar, så er det ikkje naudsynt med tvungent psykisk helsevern.

Skal sjå på saka i regjering

11 år etter at Geir Pollestad hadde innbrot i bilen sin og problematiserte saka med kriminelle gjengangarar som ikkje kan straffast, er problemet ennå det same.

Dette seier Sp-politikaren i dag:

– Dette viser bare at dette er eit veldig krevjande område som det ikkje er lett å løysa. Det er likevel viktig at me held denne problematikken varm. Og må sjå kva me kan gjera når me nå er inne i regjeringslokala, seier Pollestad, som understrekar at han ikkje har noko behov for å rasa mot den forrige regjeringa i denne saka.

Den profilerte stortingspolitikaren teiknar dette biletet av situasjonen:

– Heilt forenkla kan me seia at desse personane fell mellom to stolar, men rommet mellom desse stolane er veldig smalt. På den eine sida skal me ha respekt for at folk ikkje er tilreknelege, og på den andre sida skal me vera varsame med å bruka helsevesenet som straff. Tvungent psykisk helsevern er jo ei form for avstraffing, påpeiker Pollestad.

– Samtidig skal me også hugsa på dei som vert ramma av desse lovbrota. Det er stort sett vanlege folk. Me kan ikkje berre seia til dei at gjerningspersonen var utilrekneleg, så me kan dessverre ikkje gjera noko med det.

Les også

Bakgrunn: Dette er det lovtomme rommet