Gå til sidens hovedinnhold

Fjøssystemer Vest har vakse ut av lokala sine på Nærbø. Nå skal dei flytta

Etter 29 år på Nærbø, skal Fjøssystemer Vest AS satsa for framtida med nybygg på Varhaug.

– Det har vore greitt å vera her på Nærbø, men nå er det på tide med noko nytt, slår dagleg leiar Jan Ove Dybing i Fjøssystemer Vest AS fast.

Han beklagar både full parkeringsplass og eit ventilasjonssystem som har bestemt seg for å køyra på høggir. I inngangspartiet er byggjearbeidet i full gang. Tre nye, provisoriske kontor er i ferd med å veksa fram. Det er tydeleg at firmaet har vakse ut av lokala i Torlandsvegen på Nærbø.

Dybing sjølv er oppvaksen på Nærbø og ville helst halde fram i heimbygda.

– Det meste i mitt liv har skjedd på Nærbø, men tomtene her var rett og slett ikkje store nok, seier han.

40 tilsette

Fjøsystemer Vest sel det meste som høyrer til inni fjoset, og er ein del av eit større konsern, men lokalt starta firmaet for 30 år sidan med Jan Ove Dybing sin far.

– Han starta med eit krypinn på Bjorhaug, fortel Dybing, som tok over i sjefsstolen etter faren for 18 år sidan. Sjølv kom han til landbruksbransjen frå bankbransjen. Då hadde firmaet fire tilsette. I dag har dei runda 40, saman med underselskapet Melketeknikk, som er 100 prosent eigd av Fjøssystemer Vest.

Firmaet har hatt ei storsatsing på mjølkerobotar, leverer ulike innreiingar, ventilasjon og fôringsanlegg.

– Me driv ikkje med bygg og ikkje med traktorar, men det meste utanom, smiler Dybing.

Jubileum i nybygg

Etter 29 år på Nærbø, vurderte også firmaet tomter utanfor kommunegrensa, men då ei tomt i Tjemslandsmarka på Varhaug dukka opp, vart det eit enkelt val.

– Eg ville gjerne halda fram i Hå kommune, seier den daglege leiaren og sender skryt i retning kommuneleiinga, som har lagt til rette for at firmaet kan halda fram i Hå.

– Me starta opp på Jæren og har sakte, men sikkert bygd oss opp. Både jærbonden og lokale entreprenørar er viktige støttespelarar, seier Dybing vidare.

Tomta dei har valt å kjøpa er eigd av Hå kommune, og det er kommunen som skal sørgja for masseutskifting. Målet er at byggjearbeidet kan starta allereie i november og at firmaet kan flytta inn i nye lokale allereie til hausten 2021.

Målet er å feira 30-årsjubileum i nybygg.

Lokalt byggfirma

Den nykjøpte tomta er på sju mål. Teikningar av eit nybygg på 1500 kvadratmeter er klare.

Firmaet leiger i dag eit ekstra lokale like i nærleiken, men ikkje i direkte tilknyting til eige bygg. Dybing gler seg til å få alt under same tak.

– Nybygget vil ha meir uteareal og vera meir praktisk, fortel han.

Prislappen vil hamna mellom 25 og 30 millionar, men Dybing mister ikkje nattesøvnen av den grunn.

– Nei, dette har me kontroll på, smiler han.

Totalentreprenør på nybygget er Vigrestad Bygg AS. Saman har dei to aktørane bygd og innreia mange landbruksbygg i distriktet.

– Me er veldig glade og stolte for å få vera med på å etablera Fjøssystemer på Varhaug, seier dagleg leiar i Vigrestad Bygg AS, Oskar Skårland.

For Dybing var det viktig å halda det lokalt i byggjeprosessen.

– Vigrestad Bygg har berre lokale underleverandørar. Sånt er viktig for oss, seier han.

Litt ned etter rekordår

Etter eit rekordomsetning på 200 millionar i 2019, går tala noko ned for 2020. Dybing trur firmaet vil landa på 150 millionar i år og er fornøgd med det.

– I år var ikkje eit normalår, men me bør liggja på rundt 120 millionar i året for å ha det greitt. Me har vore heldige og har treft godt på det me held på med. Sidan me driv med alle dyreslag, har me fått med oss alle omstillingsprosessane i landbruket og har derfor også stått sterkt, seier han.

Medan andre firma har slite seg gjennom ein vår med pandemi-tiltak, har Nærbø-firmaet sloppe både permitteringar og økonomisk nedgang. Fjøssystemer vart raskt rekna blant aktørane som hadde ei samfunnskritisk rolle og fekk derfor driva som før, sjølv om transportkostnadene auka noko gjennom våren.

– Me har hatt ti hønsehus sidan mars, så me har hatt full drift gjennom heile krisa, seier Dybing.