Meteorologane varslar flaumfare

MYKJE VATN: Urånå fossar ut i Taksdalsvatnet. Både elva og vatnet har høg vasstand.

MYKJE VATN: Urånå fossar ut i Taksdalsvatnet. Både elva og vatnet har høg vasstand. Foto:

Elver og bekkar kan fløyma over etter mykje regn den siste tida.

DEL

Store nedbørsmengder har gitt stor vassføring i vassdrag i Rogaland.

– Unngå elver og bekkar med stor vassføring, er rådet frå Meteorologisk institutt og Noregs vassdrags- og energidirektorat, som varslar flaumfare over store delar av Rogaland.

Time kommune er den einaste jærkommunen som er innanfor varslingsområdet.

Flaumvarselet er sett til gult farenivå, som tyder moderat fare. Dette er det lågaste farenivået Meteorologisk institutt opererer med.

Oransje nivå er stor fare og raudt nivå er ekstrem fare.

Det er meldt meir regn tysdag morgon, men regnet vil avta i løpet av dagen.

Artikkeltags