Gå til sidens hovedinnhold

Fleire blei tatt i fartskontroll ved Bore

Artikkelen er over 1 år gammel

Høgaste farten som blei målt, var 86 kilometer i timen i 60-sona.

Politiet gjennomførte måndag morgon ein trafikkontroll i 60-sona i Nordsjøvegen ved Bore. Ni bilførarar må betala forenkla førelegg, sidan dei kjørte for fort.

Ein bilførar blei fråteken førarkortet etter at farten hans blei målt til 86 kilometer i 60-sona, opplyser politiet.

Kontrollen føregjekk frå klokka 07.00 til klokka 09.00.