Fleire og fleire les Jærbladet – beste opplagstal på 11 år

NØGDE: Redaksjonssjef Øyvind Sandsmark og redaktør Kirsten Marie Myklebust er takksame for veksten som kjem.

NØGDE: Redaksjonssjef Øyvind Sandsmark og redaktør Kirsten Marie Myklebust er takksame for veksten som kjem. Foto:

Digital oppgang tar Jærbladet til nye høgder.

DEL

I mars kunne Jærbladet melde om ein oppgang i totalt opplag på 323 frå 2018 til 2019, og no er tala for første halvår i 2020 komne. Samanlikna med 1. halvår 2019 har opplaget til Jærbladet auka med 264, og 71 frå utgangen av 2019.

Det totale opplaget er no på 12.920 – dei beste opplagstala for Jærbladet sidan 2009.

9921 personar har komplett-abonnement, medan 2128 har digitalt abonnement med tilgang til nettsida og e-avisa. Dei resterande er frieksemplar. Talet på reint digitale abonnement er gått opp med 428 frå utgangen av 2019, og komplett-abonnement har gått ned med 316.

Veksten blir drive av det digitale

Ansvarleg redaktør i Jærbladet, Kirsten Marie Myklebust, er godt nøgd med det totale opplaget på 12.920.

– Me er veldig glade for at me får ein opplagsvekst på 264. Tusen takk til nye abonnentar, og ikkje minst til dei som har vore med oss lenge, seier Myklebust.

– Jærbladet er stolte over ein fin digital vekst. Me har no over 11.000 daglege lesarar på mobil, og nesten 14.000 les oss digitalt kvar dag. Det betyr at folk går til oss for å få lokale nyheiter frå morgon til kveld.

Nordsjø Media blei kjøpt opp av Amedia i 2019, som har gjort at avisa no kan by på eit breiare digitaltilbod.

– Me har vore gjennom eit år med store endringar. No kan me tilby abonnentane våre digitale nyheiter frå morgon til kveld, ei solid papiravis heim i postkassen tre dagar i veka og Direktesport for dei som er opptatte av sport, avsluttar Myklebust.

Artikkeltags