Folk er vare på bålforbodet og varslar brannvesenet når dei ser noko dei meiner ikkje er lov

Rogaland Brann og Redning IKS får mange telefonar frå folk som reagerer på at andre grillar og brenn bål.

DEL

– Mange kontakta oss i går, og me reknar med at det same skjer i dag, laurdag, seier Ruben Bøe Thomsen, operatør i Rogaland Brann og Redning IKS.

På grunn av auka skogbrannfare i Rogaland innførte brannsjefen generelt bålforbod i Rogaland brann og redning sine eigarkommunar frå og med torsdag 26. mars klokka 15.00.

– Folk er årvakne og følgjer nøye med. Eg reknar med at me også i dag, laurdag, vil få telefonar der folk kontaktar oss sidan dei ser noko dei meiner er ulovleg, seier Ruben Bøe Thomsen.

Her ser du dei gjeldande instruksane frå Rogaland Brann og Redning IKS.

Artikkeltags