– Folk på tur i Sandtangen snyt seg i naturen og tek ikkje omsyn til koronasmitten

REAGERER: – Det er ikkje greitt å oppleva at ein nesten kjem borti andre menneske når ein passerer dei på turstien. Ingen som går i Sandtangen i desse tider, bør gå i rekker på fleire personar når dei passerer andre, seier Jan Kjetil Borge i Vardheia ved Bryne.

REAGERER: – Det er ikkje greitt å oppleva at ein nesten kjem borti andre menneske når ein passerer dei på turstien. Ingen som går i Sandtangen i desse tider, bør gå i rekker på fleire personar når dei passerer andre, seier Jan Kjetil Borge i Vardheia ved Bryne. Foto:

Jan Kjetil Borge som sjølv sit i koronakarantene, reagerer på det han kallar tankelaus åtferd i turområdet Sandtangen ved Bryne.

DEL

– Folk går på tur i rekker på to til tre personar, og eg kjem nesten borti skulera deira når me passerer. Syklistar feiar forbi, held fingeren over det eine naseboret og snyt seg ut i naturen idet dei passerer. Det er ikkje slik me skal oppføra oss i desse koronatider, seier Jan Kjetil Borge til Jærbladet.


Går fleire i breidda

Han sit sjølv i koronakarantene i bustaden i Vardheia etter ein tur med arbeidsplassen til Tyskland frå 8. til 9. mars.

– Det går greitt både med karantene og heimekontor. Men eg liker å ta meg ein luftetur, og då er det naturleg at eg vel Sandtangen, fortel Borge.

På den relativt smale turstien møter han gjerne folk som går to til tre personar i breidda.

Håper på endring

– Det er ikkje greitt å oppleva at ein nesten kjem borti andre menneske når ein passerer dei på turstien. Ingen som går i Sandtangen i desse tider, bør gå i rekker på fleire personar når dei passerer andre. Det er heller ikkje ok å snyta seg i naturen. I denne kritiske situasjonen er det totalt tankelaust å snyta seg i naturen i nærleiken av andre. Folk må ha med seg lommetørkle, fastslår Borge.

Han håper oppmodinga gjennom Jærbladet kan få folk som er på tur i Sandtangen til å endra åtferd.

Artikkeltags