25 nye forkøyrsvegar: Sjå kor det blir endring

Frå torsdag 24. oktober får Hå kommune 25 nye forkøyrsvegar.

DEL

– I fleire kryss er det ikkje klart nok kven som eigentleg har vikeplikt og forkøyrsrett. Difor forkøyrsregulerer vi desse fylkesvegane, forklarer Bjørn Kristian Røyland på plan- og forvaltningsseksjonen i Statens vegvesen.

– Pass på

Statens vegvesen ber trafikantane passe på.

– Dei som kjem ut frå sidevegane må følgje godt med på skilting og oppmerking. Nå får dei vikeplikt før dei skal køyre ut på vegane som blir forkøyrsregulerte. På same tid må bilistane på dei nye forkøyrsvegane vere klar over at det kan koma bilar frå høgre som køyrer av gammal vane, og ikkje får med seg nye skilt og merking i vegen, poengterer Røyland.

Desse vegane får forkøyrsrett:

Alle desse vegane får også nytt vegnummer. Det gamle nummeret står i parantes.

Fv 4334 (Fv 131) Aniksdalvegen

Fv 4340 (Fv 132) Sør-Tjemsland

Fv 4326 (Fv 134) Vågen

Fv 4328 (Fv 135) Salthelleren/ Hyllandsvegen

Fv 4336 (Fv 143) Småhaugvegen

Fv 4338 (Fv 144) Kyrkjevegen

Fv 4344 (Fv 145) Toppalandsvegen

Fv 4358 (Fv 147) Hålandsvegen

Fv 4356 (Fv 149) Skrettingvegen

Fv 4362 (Fv 150) Bjorheimsvegen

Fv 4350 (Fv 151) Lerbrekkvegen

Fv 4354 (Fv 152) Ånestadvegen

Fv 4352 (Fv 153) Dysjalandsvegen

Fv 4366 (Fv 156) Rongavegen

Fv 4372 (Fv 158) Skjerpevegen

Fv 4386 (Fv 161) Bjorlandsvegen

Fv 4382 (Fv 163) Bøvegen

Fv 4302 Søylandsvegen

Fv 4392 (Fv 165) Søylandsvegen

Fv 4378 (Fv 168) Vålandsvegen

Fv 4368 (Fv 169) Indrebøvegen

Fv 4394 (Fv 172) Høyland

Fv 4324 (Fv 177) Stormolovegen

Fv 4364 (Fv 178) Møllevegen

Fv 4332 (Fv 180) Rundvegen

Artikkeltags