Mannen som er sikta for drapet på Sigbjørn Sveli (44) blei arrestert av politiet den 10. desember i fjor.

Mannen er ein av tre som blei sikta i samband med drapet på Sveli i desember i fjor. Ein av dei tre, ein 20-åring frå Egersund, er lauslaten.

Ulike forklaringar

Den sikta mannen som no har fått forlenga varetektsfengsling, innrømmer ikkje straffeskuld. Han har forklart seg om hendinga i fleire politiavhøyr, og han har gitt ulike forklaringar om si rolle i samband med drapet, blir det opplyst i rettsavgjerda frå Jæren tingrett.

Han har også forklart at han "ikkje var seg sjølv" då drapet skjedde, at han hadde ein psykose og at medisinane han gjekk på trigga handlingane hans.

Rettspsykiatrar har konkludert med at mannen var tilrekneleg då drapet skjedde.

Den sikta, som er frå Bryne, har opplyst at han vil bu hjå mor si ved Stavanger om han blir lauslaten. Mannen har budd i Rogaland i store deler av livet sitt.

– Uprovosert

Jæren tingrett legg til grunn at mannen har mange kjenningar i nærmiljøet, og at nyheita om ei eventuell lauslating vil spreie seg raskt.

Retten skriv vidare drapshandlinga står fram som uprovosert, og at tryggleik vil bli borte om den sikta mannen blir lauslaten. I dommen er det også lagt vekt på at det er mindre enn tre månadar sidan drapet skjedde.

Den sikta har også ein betydeleg straffehistorikk.

Les også

Sigbjørn Sveli til minne