– Nesten kvar veke opplever me hærverk. Fleire gonger er det laga hol i gipsveggen. Tagging ved hjelp av sprittusj er eit anna problem, seier Frode Førland, styremedlem i Kulturbanken som held til i 2. etasje i Torgsenteret.

– Må jaga dei ut

For tida er det liten aktivitet i lokala til Kulturbanken, midt i Bryne sentrum. I eit Facebook-innlegg utfordrar Frode Førland Time-ordførar Andreas Vollsund, kommunedirektør Trygve Apeland og alle folkevalde om å gjera eit umiddelbart grep og gje Kulturbanken pengestøtte slik at dei igjen kan opna dørene og skapa eit tilbod for ungdom.

– Nesten kvar dag må me jaga ut ungdom og unge vaksne som heng i Torgsenteret. Samstundes har Kulturbanken tomme lokale som kunne vore ein god møteplass. Me har også permitterte tilsette som kunne vore dei trygge vaksne som desse pandemiprega ungdommane treng. Det me må ha for å få dette til, er økonomisk støtte frå kommunen, seier Førland.

– Ungdommen er gløymde

Han tykkjer det ser ut som at det blir gjort hærverk berre for at ungdommen skal ha noko å gjera på.

– Torgsenteret har lange opningstider, og mange liker å gå inn hit når dei ikkje har anna å gjera. Ungdommane treng ein stad dei kan samla seg. Me ønskjer at kommunen skal koma på banen, for me vil opna dørene og få varmen på igjen. Me veit ikkje kor lenge pandemien vil vara, og det er ingen tvil om at ungdommane er blitt gløymde, seier Førland.

Han avsluttar Facebook-meldinga til kommunen med ein klar beskjed om at han stiller på rådhuset «på timen» for å setja rammene og iverksetja tiltaket.

– Lover ikkje pengar

Ordførar Andreas Vollsund i Time seier at han vil ha ein dialog med Frode Førland etter Facebook-innlegget.

– Men eg kan ikkje lova pengar, og me har budsjett å halda oss etter. Det som er sikkert, er at Time kommune bruker meir på barn og unge no enn nokon gong tidlegare. Eg er lyttande til det som Førland seier, men me kan ikkje behandla noko over ein Facebook-status, seier Vollsund.

Ordføraren syner også til at kommunen har sitt eige ungdomsteam, som eit lågterskeltilbod spesielt for barn og unge.

– Eg vil eventuelt kopla Frode Førland mot ungdomsteamet, seier Vollsund.