Den nye sjøormen har nett passert ein kilometer i lengda, og skal bli dobbelt så lang før han er fullvaksen.
I september skal han dukka, og frå då av blir han verande under vatnet for godt. Der skal han vera ein viktig bidragsytar for at heile regionen får reint og godt drikkevatn frå Gjesdal.
Sjå Otto Christoffer Haukeland sin dronevideo av den nye sjøormen på Frøylandsvatnet
Skal flyttast
– Ja, det er den nye hovudvassleidningen til IVAR, stadfestar prosjektleiar Sigbjørn Tveiten hos Stangeland Maskin overfor Jærbladet.
Det er dei som har ansvaret for det sju kilometer lange strekket frå Fjermestad i Time til Engelsvåg i Klepp – som altså kryssar Frøylandsvatnet.
– Me får røyra i 20 meters lengder, og sveiser dei saman med eit spesialapparat. Og så skyv me det ut i vatnet etter kvart, forklarar Tveiten.
IVARs største prosjekt nokon gong
- Arbeidet med den nye hovudvassleidninga frå Langevatn i Gjesdal via Time, Klepp, Sandnes og Sola til Tjensvoll i Stavanger starta hausten 2021. Når alt er ferdig i 2024, har IVAR fått 33 kilometer med nye hovudvassrøyr.
- Totalt er kostnadsramma på heile 1,35 milliarder kroner, det største enkeltprosjektet i IVARs historie.
- I tillegg til sjølve røyra skal det langs traseen byggjast eit nytt styringsbasseng på Fjermestad og nye ventilkammer på Kvernaland, Engelsvåg, Lona, Todneim, Soma, Røyneberg og Grannes.
Dette er arbeid som krev god plass, nær vatnet, og då var området ved gamlefabrikken til Kverneland heilt perfekt.
Stangeland Maskin begynte der i mai, og klarar 200–250 meter i veka. No er vassleidningen godt synleg for forbipasserande.
Men den store leidningen skal ikkje gå nett der han ligg i dag. Han skal kryssa over frå Kvernaland, ikkje så langt frå TKS-fabrikken, og til Engelsvåg på hi sida av vatnet.
– Når me er ferdige, skal me slepa leidningen på plass. Han skal gravast godt ned på begge sider, og så skal han liggja på botn tvers over vatnet, forklarar Tveiten.
Dei store plastrøyra har ein indre diameter på 1400 millimeter – altså 1,4 meter. Dei mange «belta» som den store sjøormen har rundt magen, er betonglodd som skal hjelpa til med å halda han stabil når han ligg på botnen.
Det er god oppdrift i ein tom leidning, så for å få han ned til botn, er entreprenøren i tillegg nøydd til å fylla han med vatn. Det skal etter planen skje i september.
Får også ein veslebror
Sjøormen som no ligg på Frøylandsvatnet skal også få ein «veslebror».
Når dei først er i gang, skal Stangeland Maskin nemleg få skøytt saman og lagt ein ny vassleidning sørover frå Engelsvåg til Tangen ved Gunnarsberget på Klepp Stasjon.
Oppdragsgjevaren her er Klepp kommune, og denne vassleidninga skal ha ein diameter på 500 millimeter – altså ein halv meter.
Ein ting er i alle fall sikkert: Etter dette året har Midgardsormen litt lenger sør ingen grunn til å kjenna seg einsam i Frøylandsvatnet.

Risa vant to nye etapper med store rør: – Passer godt inn