Fryktar at eit «koronabudsjett» vil gå utover skulene i Time

SNIKINNFØRING: - Me reagerer veldig på det som kan sjå ut som ei snikinnføring av ein 700-elevars skule på Rosseland, og sjølv om saksutgreiinga no skriv at dette er ei midlertidig løysing, lurer me på korleis kommunen definerer «midlertidig»… seiar Marit Vardøy

SNIKINNFØRING: - Me reagerer veldig på det som kan sjå ut som ei snikinnføring av ein 700-elevars skule på Rosseland, og sjølv om saksutgreiinga no skriv at dette er ei midlertidig løysing, lurer me på korleis kommunen definerer «midlertidig»… seiar Marit Vardøy Foto:

Av

I år skal korona-situasjonen innlemmast i budsjettarbeidet, og når Time kommune er blant dei kommunane som brukar minst på skule, er me redde for kutt når me er i ein situasjon kor me faktisk burde satsa meir på skule, skriver Marit Vardøy.

DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Utdanningsforbundet Time er interessert og engasjert i korleis Time kommune tenker og legg planar om skule. Derfor meiner me mykje i høyringssvaret vårt til skulebruksplanen. Me reagerer veldig på det som kan sjå ut som ei snikinnføring av ein 700-elevars skule på Rosseland, og sjølv om saksutgreiinga no skriv at dette er ei midlertidig løysing, lurer me på korleis kommunen definerer «midlertidig»…

Skal dette vare fram til ny barneskule kjem? Det kan sjå ut som ein ikkje har tenkt at dette skal skje før 2030. Me har ingen tru på at det er ei god løysing å busse Hognestad-elevane til Rosseland, verken for Rosselands-elevane eller Hognestad-elevane.

I høyringssvaret til skulebruksplanen peika me på det enorme behovet for spesialrom (kunst & handverk, gymsal, musikkrom) som trengst på Rosseland skule, for å gje elevane det opplæringstilbodet dei har krav på. Rosseland skule var sprengd kort tid etter den var ferdig bygd.

Ressursar til bygging av spesialrom har kommunen tenkt skal leggjast inn i økonomiplanen for 2022-2025 som betyr at skissert ombygging av Timehall/D-bygg kjem kanskje ein gong i framtida. Det er jo ein sørgjeleg tanke om det kjem nesten 800 bustader dei nærmaste åra, og mest ingen auke i antal barn.

Me trur dette er altfor pessimistisk.

Me meiner at planlegging av ein tredje barneskule på Bryne bør starte i 2021, for slike prosessar tar ofte fleire år. Det er ingen som veit kor mange barn som er i Time i 2026. Me trur det vil vere fleire barn då enn no. Det hadde vore ein draum om me i alle fall i 1.trinn kunne hatt 15 elevars klasse, i staden for å «maxe» ut med 25 elevar slik skulebruksplanen legg opp til (30 på ungdomstrinn).

Det er frustrerande at skulebruksplanen alltid legg opp til maks antal elevar i kvart rom, i staden for å ha fokus på kva som er pedagogisk forsvarleg og kvalitetsmessig det beste for barna. Over lang tid har kommunen hatt for lite kapasitet til å innfri lovkrava i symjing. Når er det tenkt ei løysing på dette?

Når Vardheia ungdomsskule står klar, med elevar frå både Klepp og Time, kor skal desse symje? Det er stor semje blant politikarane at dei ønsker og har behov for ein ny symjehall på Bryne, men dei finn, i økonomiplan etter økonomiplan, ikkje pengar til den. Me hadde håpa at tida er moden til å satse på symjehall no.

Me står ovanfor ein ny økonomiplan, som mange kommunar har gitt eit frampeik på vil handle om kutt, grunna korona-situasjonen. Med dei mange lovpålagte oppgåvene ein kommune har, ser det likevel ut til å by på utfordringar kvart år å få budsjettet til å gå opp. Altfor ofte må tilsette vere med på kutt, som skapar frustrasjon og slitasje.

I år skal korona-situasjonen innlemmast i budsjettarbeidet, og når Time kommune er blant dei kommunane som brukar minst på skule, er me redde for kutt når me er i ein situasjon kor me faktisk burde satsa meir på skule.

Utdanningsforbundet Time er opptatt av ein heilskapleg, vel-fungerande kommune. Me veit at økonomisk brannslukking i andre kommunalområder enn oppvekst kan få konsekvensar for det kommunalområdet me er mest opptatt av – det som angår barn og unge. Derfor er me og opptatt av at innspel til skulebruksplan og økonomiplan, som kjem frå profesjonen, må takast på alvor.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags