Full brannutrykking til nyopna Bryne-restaurant

Dagleg leiar Izral Singh saman med representantar frå Rogaland brann og redning IKS som rykka ut til parkeringsanlegget ved den nyopna restauranten seint fredag kveld. Foto: Brit Romsbotn
Opningsdagen blei dramatisk for den indiske restauranten på Bryne torg.
Seint fredag kveld gjekk brannalarmen i garasjeanlegget som er i same bygget som den nyopna, indiske restauranten. Det synte seg at damp frå kjøkkenet i den nye restauranten hadde kome inn i ventilasjonsanlegget i parkeringsanlegget og utløyst brannalarmen.
– Håper problemet blir løyst fort
– Alt gjekk veldig fint, heilt til fredag kveld. Då gjekk brannalarmen i parkeringsanlegget som held til i same bygget som oss. Det var full utrykking, men verken brann eller røyk var å sjå. Det synte seg at det var damp frå kjøkkenet vårt som hadde utløyst brannalarmen, fortel Izral Singh, dagleg leiar ved den nye restauranten.
Han skal i møte med huseigar laurdag for å undersøkja kva som kan gjerast for at det same ikkje skal skje igjen. Også ein representant frå Rogaland brann og redning IKS vil delta på møtet.
– Me hadde ein fantastisk og travel opningsdag, med mange gjester og mykje sal av take-away. Ingen hadde tenkt at dagen skulle enda slik, seier Singh.
Han håpar at problemet snart vil vera løyst, og at dei slepp opphald i drifta.
– Kan ha samla seg heile dagen
Operasjonsleiar Kurt Løklingholm i Sør-Vest politidistrikt stadfestar at brannalarmen i næringsbygget Torjå blei utløyst sidan damp frå kjøkkenet i den nyopna indiske restauranten kom inn i ventilasjonsanlegget i parkeringsanlegget like ved.
– Det kan sjå ut til at dampen har samla seg i parkeringsanlegget gjennom heile dagen, seier Løklingholm.